Hopp til innhold

– Det er viktig å huske kor vi kjem frå

Statsminister Erna Solberg la vekt på både fortid og framtid då ho opna den nye museumsbygninga «Kronen på verket» i Molde i dag.

Erna Solberg på Romsdalsmuseet

Statsminister Erna Solberg vart møtt av elevar frå Sellanrå barneskule i Molde då ho kom til «Kronen på verket» i dag.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Erna Solberg på Romsdalsmuseet

Statsminister Erna Solberg saman med styreleiar Anders Talleraas.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Ei gruppe barneskuleelevar med flagg hadde møtt opp for å ønske statsministeren velkomen til Romsdalsmuseet i Molde tysdag ettermiddag.

Vel inne i bygninga vart ho guida rundt i den nye museumsdelen «Krona på verket» av museumsdirektør Jarle Sanden og styreleiar Anders Talleraas.

Den private omvisinga vart etterfølgt av taler og musikk frå fleire lokale aktørar-

– Spissen på bygget speglar seg perfekt i dei spisse fjella og landskapet vi ser her i Molde, så dette bygget er verkeleg krona på verket, sa statsminister Erna Solberg til latter og stor applaus frå publikum då ho offisielt opna Romsdalsmuseet sitt nyaste bygg i dag.

Vektla historie

Nybygget ved Romsdalsmuseet skal appellere både til store og små og vil ha både permanente og mellombels utstillingar. Statsministeren var fornøgd med at det var ho som fekk æra av å krone «Krona på verket».

Erna Solberg på Romsdalsmuseet

Stemninga var god då Erna Solberg fekk omvising av museumsdirektør Jarle Sanden.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Det er som regel kulturministeren som får denne oppgåva, så eg er veldig glad for at eg fekk gjere det i dag. Eg meiner at det er viktig å ta vare på historia vår for det er med røtene vi kan bestemme retninga framover, seier Solberg.

Statsministeren rosa det nye tilbygget til Romsdalsmuseet.

– Det er veldig fint, godt tilrettelagt og tilgjengeleg, ikkje minst for barn og unge. Det er ein god kombinasjon av bakgrunn, kultur og historie og kvardagslege ting, noko som er viktig for folk flest. Då kjenner ein seg kanskje lettare igjen, seier Solberg.

Ho vektla også viktigskapen av å ta vare på historie under besøket på Romsdalsmuseet i dag.

– Historie er viktig for å forstå verdiane våre i dag, kor vi kjem frå og kva som pregar samfunnet vårt. Vi lever i eit samfunn der mykje er nytt og globaliseringa er stor. Då er det viktig å huske kor vi kjem frå, seier Solberg.

Erna Solberg på Romsdalsmuseet
Foto: Silje Bjerknes / NRK

Besøkte næringslivet

Men statsministeren sitt besøk til Molde hadde også ei meir alvorleg side. Tidigare på dagen hadde Solberg eit fellesmøte med næringslivet i fylket, der ho mellom anna fekk høyre om ringverknadene av arbeidsløysa i olje- og gassnæringa.

Statsminister Erna Solberg på Romsdalsmuseet

Statsminister Erna Solberg under opninga på Romsdalsmuseet.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Det var ein naturleg å besøke både nye og gamle bedrifter som står ovanfor omstillingar, seier Solberg.

– Det å huske kor vi kjem frå er også ein viktig del av det som gir oss styrke når det gjeld næringslivet, held ho fram.

Viktig for regionen

Museumsdirektør Jarle Sanden var storfornøgd etter den offisielle opninga.

Romsdalsmuseet

Museumsdirektør Jarle Sanden var storfornøgd etter den offisielle opninga.

Foto: Silje Bjerknes / NRK
Torgeir Dahl

Ordførar i Molde Torgeir Dahl trur det nye tilbygget blir viktig for heile regionen.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Dette var ei fantastisk opning. No kan eg endeleg senke skuldrene og slappe av, seier han lattermild.

I morgon opnar den nye delen av Romsdalsmuseet for folk flest og Sanden ser fram til å vise fram den unike bygninga til folk frå nær og fjern.

– Denne delen av museet har eit variert innhald som eg meiner passar både til store og små, og eg gler meg til alle får sjå det, seier han.

Moldeordførar Torgeir Dahl var ein av mange som deltok på opninga tysdag. Han var full av begeistring for det nye bygget.

– Eg er kjempestolt. Dette viser at vi greier å løfte store prosjekt gjennom samarbeid, og eg trur alle i regionen er stolt av det vi har fått til i dag, seier han.

Dahl meiner at bygget er viktig både for Molde, men også for heile regionen.

– Dette skal vere eit bygg for god formidling og for forvalting av kulturarven vår. Men det skal også ver ein møteplass både for museumsspørsmål og alle andre type diskusjonar og samtalar, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL