Video Møter verdas beste - Foto: Nyhetsspiller /

Skal spele mot Barcelona og United

Dei er berre 13 og 14 år. Likevel får dei reise til Spania og spele mot Barcelona, Real Madrid og Manchester United.

Smågutelaget til Molde fotball får ein heilt spesiell påskeferie i år. Dei får draumen sin oppfylt. Dei får spele mot dei beste laga i verda. Heldigvis er gutane frå Barcelona, Manchester og Madrid også 13 og 14-åringar. Dei skal møtast i det som blir kalla verdsmeisterskapen for aldersbestemte lag.

Christian Strande - Christian Strande gler seg til å møte Manchester United, Barcelona og Real Madrid. - Foto: Roar Strøm / NRK

Christian Strande gler seg til å møte Manchester United, Barcelona og Real Madrid.

Foto: Roar Strøm / NRK

- Eg gler meg veldig mykje. Det skal bli spennande å spele mot andre store lag, seier smågutelagsspelar Christian Strande.

Mediterranean International Cup

Det er fotballturneringen Mediterranean International Cup spillerne skal være med på. 172 lag fra hele verden er påmeldt. Og smågutane frå Molde har førebudd seg godt.

Sander Svendsen - Sander Svendsen seier at Molde har førebudd seg godt. - Foto: Roar Strøm / NRK

Sander Svendsen seier at Molde har førebudd seg godt.

Foto: Roar Strøm / NRK

- Vi har trent veldig hardt, seier Sander Svendsen. Vi har trent i mange månader, både styrke, teknikk og kondisjon, seier han.

Leter etter Diouf-erstatter

Diouf ute i seks til åtte uker

Leter etter Diouf-erstatter

VM for aldersbestemte lag

Mange kallar turneringa for VM for aldersbestemte lag. Det er samla lag frå 25 land. Og i Molde har lagleiinga jobba hardt for å kome med på denne turneringa.

Geir Olsen - Geir Olsen har jobba hardt for at Molde-gutane skal få delta i turneringa. - Foto: Roar Strøm / NRK

Geir Olsen har jobba hardt for at Molde-gutane skal få delta i turneringa.

Foto: Roar Strøm / NRK

- Eg har gjerne den innstillinga at ingenting er umogleg. Eg gir meg aldri. Eg har satsa på dette sidan desember for halvanna år sidan. Det har gått med eit par hundre mailar fram og tilbake, seier lagleiar Geir Olsen.

Sogndal nei til MFK-bod på Hovland

Molde-bud på midtstoppertalent

- Blir artig

I Molde gler gutane seg. Og det skal bli ekstra spennande å sjå om det er nivåforskjel mellom Molde og for eksempel Manchester United.

Erlend Hustad - Erlend Hustad seier det skal bli spennande å måle krefter mot 13 og 14-åringar frå dei andre store laga. - Foto: Roar Strøm / NRK

Erlend Hustad seier det skal bli spennande å måle krefter mot 13 og 14-åringar frå dei andre store laga.

Foto: Roar Strøm / NRK

- Dette blir artig. Det skal bli spennande å sjå nivået til dei andre 13 og 14-åringane i verda , seier Erlend Hustad.

No er Molde-gutane klar for Manchester United, barcelona og Real Madrid.

Her kan du sende lukkeønskingar til Moldelaget:

Siste video/lyd

Denne veka er det kroken på døra for den tradisjonsrike butikken Jonas Eriksen på kaia i Kristiansund. Etter 112 år i drift er det slutt, i helga stenger butikken
Rektor Ketil Hjelseth ved Skodje har ikkje behov for at lærarane skal ha lengre dagar. Han ynskjer heller at dei har kortare ferie.
Cruisetrafikk har kommet for å bli i norske fjorder. Det er beskjeden fra reiselivslederne i Møre og Romsdal. Nå tar havner på Nord-Vestlandet grep for å fortsatt være et attraktivt valg for rederiene.