Den frykta fiskesjukdommen gjer at fisken ikkje blir like stor som frisk fisk. Tidlegare har det vore sett i verk tiltak for å hindre spreiing i Møre og Romsdal, men no meiner Mattilsynet dette slaget er tapt og set alt inn på å hindre spreiing til nye område.
– I og med at det er ein kostbar sjukdom for dei anlegga som får den så er det eit mål å halde flest mogleg område fri for denne, seier veterinær i Mattilsynet, Aud Skrudland til NRK
Krav til avlusing
Det var Adressavisa som først omtalte flyttinga. Då sjukdom blei oppdaga i eit anlegg i Nord-Trøndelag var vurderinga difor at det var betre å flytte fisken sørover til eit området som alt har sjukdommen, seier ho.
– Alternativet var at fisken skulle blitt malt opp til dyrefôr eller destruert.
– Er det noko risiko forbunde med flyttinga?
– Fisken er jo smitta av ein sjukdom som kan bryte ut, seier Skrudland.
Ho seier vurderinga har vore basert på at det frå før er tre anlegg i området på Romsdalskysten som har denne smitten. I tillegg har Mattilsynet stilt krav til avlusing, som har vore eit stort problem i fleire anlegg i Nord-Trøndelag.
– Vi har kravd at fisken skal avlusast på vegen, slik at når den kjem til Romsdal, skal den vere heilt fri for lus, seier Skrudland til NRK.