Hopp til innhold

Side Brok gjev ut heimeøl

Rapgruppa frå Hovdebygda diskar opp med ekte heimelaga øl – i musikkform.

Side Brok

Side Brok har hatt nytt mykje suksess og popularitet sidan debutalbumet i 2004. Sjå den nye videoen ned i saka.

Foto: Side Brok

Nei, dei har ikkje skifta ut den musikalske karrieren med brygginga av alkoholhaldig «mannabrus», men dei fortel deg meir enn gjerne korleis du går fram.

Runar Gudnason

Runar Gudnason er vaskeekte Hovdebygding, men bur kring halve året i København.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

No kjem nemleg andre singel og smakebit frå det nye albumet til bygderapparane Side Brok. Dette musikalske dryppet har dermed fått namnet «Heimeøl».

– Det er så mange band som gjev ut eige øl, vin og ymse for tida. Vi vil også vere med på dette, men då må det sjølvsagt verte heimeøl. Vi driv ikkje med slikt sossete kjøpeøl-opplegg, seier vokalist Runar «Torstein Hyl» Gudnason.

Det er rett nok ikkje så lett å få selt sitt eige heimebrygga øl i butikken.

Difor nøyer altså bandet seg med å hive oppskrifta inn i ein song, og lage eit klistremerke som lyttarane kan lime på plastdunken, eller «femma» som det heiter på folkemunne i Ørsta-området.

Effekt viktigare enn smak

Og oppskrifta er enkel. 25 liter med lunka vatn, litt sukker, malt og gjær er alt som skal til.

– Og så må ein hugse å riste og blande det godt. Det er ikkje komplisert, men der er nokre få ting ein må passe på. Vi fortel alt om det i songen, seier Gudnason, som presiserer at effekten av å drikke denne øla er viktigare enn smaken.

– De har mykje erfaring med heimebrygga øl i Hovdebygda?

– Ja, den er relativt stor vil eg seie. Tradisjonen med heimeøl har likevel døydd litt ut sidan vi fekk ølutsal på slutten av åttitalet. Før den gang måtte ein jo bestille øl i kassevis ei veke i førevegen. To veker før dersom ein skulle ha importøl, seier Gudnason.

Saka held fram under bildet

Stor ære

– Kor stor skuld har du viss fjortisane byrjar med storstilt produksjon av heimeøl no då?

– Kor stor ære meiner du? Hehe, nei det er no ganske stive ølprisar i Noreg, så det er no berre kjekt om folk vert inspirert til å lage litt øl sjølve.

Den fullstendige plata vert sleppt ein gong på seinsommaren, men før den tid har dei sleppt tittel-singelen «H.O.V.D. E.B.Y.G. D. A» tidlegare i vår. Sist Side Brok-album kom i 2009 (Ekte Menn), men no er det altså duka for nye takter frå bygda.

– Det er på tide med litt meir rap frå Hovdebygda no, seier Gudnason og smiler.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL