Hopp til innhold

Side Brok langar ut mot kyrkja

Rap-gruppe frå Sunnmøre kastar seg inn i debatten om homofile ekteskap.

Side Brok

Rap-gruppa Side Brok meiner at homofile bør få gifte seg i kyrkje på same måte som heterofile.

Foto: Pressefoto

– Det var ein heilt spontan reaksjon på at eg henta avisa i postkassa, seier Runar Gudnason, aka Sjef R.

Det var tysdag at rap-gruppa Side Brok frå Ørsta la ut følgjande på si Facebookside:

«Slik står det til der me kjem frå: Ein av prestane seier at han ikkje vil vie homofile, men at dei sjølvsagt er velkomne i kyrkja (ja, han seier ‘sjølvsagt’!). Dei to andre prestane sit på gjerdet, og har ikkje bestemt seg enno.

Reservasjonsrett har vorte veldig populært, og no vil me òg ha det: Frå no av er konservative kristne og andre homofobar ikkje velkomne på Side Brok-konsertar. De er sjølvsagt velkomne til å høyre musikken vår på Spotify, men de slepp ikkje inn når me spelar konsert. Det forstår de sikkert. Nestekjærleik meg i ræva».

Stort engasjement

I løpet av eit par timar hadde innlegget fått nesten 900 delingar og over 6.700 reaksjonar på Facebook. Gudnason var overraska over responsen.

Runar Gudnason

Runar Gudnason blei overraska over responsen.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

– Eg hadde aldri forventa at det ville få så mykje merksemd. Eg berre skreiv noko fordi eg blei veldig skuffa då eg såg det som stod i avisa. Det har lenge vore mykje kristendom og konservative kristne her i Ørsta, men no har vi trass alt unge prestar, seier han.

Han meiner at responsen viser at han ikkje er aleine om synet sitt.

– Det seier litt om kor ute av takt med tida desse prestane er, seier han.

Ville sette saka på spissen

Utspelet kjem etter at kyrkje denne veka opna opp for at homofile og lesbiske par kan gifte seg i kyrkja. Samtidig kan dei prestane som ønskjer det reservere seg. Gudnason fortel at formålet med innlegget var å sette saka på spissen.

– Det var ei samanlikning for at folk skulle sjå kor dumt det var. Eg verken kan eller vil nekte nokon å kome på konsert. No er eg ikkje kristen sjølv, men eg meiner at kyrkja bør vere ein inkluderande plass, seier Gudnason.

– Kyrkja og ein Side Brok-konsert må kanskje vere dei to mest inkluderande plassane som finst. Og det er like latterleg å stenge folk ute frå begge deler.

– Men bør ikkje dei prestane som har eit anna syn få lov til å reservere seg?

– Nei, enkelt og greitt. Eg synest denne reservasjonsretten er verre enn dei andre på spesielt eit punkt. Det finst sikkert mange homofile i Ørsta som både har døypt og konfirmert seg i den kyrkja og som ønskjer å gifte seg der. Då er det ikkje likegyldig å finne ei anna kyrkje eller ein annan prest, seier Gudnason.

Tradisjonelt syn på ekteskapet

Det har så langt ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med sokneprest i Hjørundfjord og Bjørke, Espen Aarseth, for ein kommentar.

Som grunngjeving for kvifor han ikkje vil vie homofile har han sagt følgjande til Møre-Nytt.

– Eg har eit tradisjonelt syn på at ekteskapet skal vere mellom mann og kvinne. Det er mange nyansar i denne saka, og det er inga lett sak. Ting er ikkje svart kvitt, og vi må ikkje ende opp som englar eller mørkemenn. Eg ønskjer å vere open og eit medmenneske, samstundes har vi også Bibelen som vi prestar er tilsette for å lære ut frå, seier Aarseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL