Etter sølv i dobbeltsculler under U23-VM i Roing på søndag, startar 21 år gamle Martin Helseth frå Ålesund Roklubb no oppkøyringa mot VM for seniorar i Frankrike. Han fortel at sølvmedaljen i U23-VM var uventa.
– Før konkurransen håpte vi på å kome til A-finalen, noko som vil seie topp seks. Så eg er svært nøgd med sølv, det var langt frå forventa. No drar vi rett til Strømstad for å trene ei veke der, før vi drar vidare til samling på Austlandet, der vi skal vere fram mot starten på meisterskapen i slutten av august.
- Les også: VM-sølv til norsk duo
Vil til OL
Under VM i Frankrike skal storparten av kvalifiseringsplassane til OL i Rio de Janeiro delast ut. Martin Helseth fortel at dei ligg heilt på grensa for å kunne kvalifisere seg.
– Kanskje går det og kanskje går det ikkje. Vi er heilt på kanten når det gjeld kvalifisering, men om vi ikkje lukkast no under VM er det framleis to plassar att som ikkje blir delt ut før neste år. Vi får krysse fingrane.
- Høyr også: Del ein av intervjuet med Helseth-søskena
Imponerande debutant
Det var ikkje berre Martin Helseth som gjorde det bra under U23-VM førre veke. Også veslesyster Thea Helseth deltok i meisterskapen, og laurdag rodde nittenåringen seg inn til ein imponerande åttandeplass i sin første meisterskap som senior. Thea Helseth fortel at ho er svært nøgd med meisterskapen.
– Det var svært kjekt. Eg kom inn i meisterskapen med låge forventningar og skulle eigentleg berre ha med meg erfaringar, så det gjekk mykje betre enn forventa.
- Høyr også: Del to av intervjuet med Helseth-søskena
For tidleg
Trass eit godt resultat i U23-VM siktar ikkje nittenåringen mot VM for seniorar i slutten av august. Ho fortel at det nok framleis er litt tidleg.
– Kanskje kan eg forsøke mot VM for seniorar neste år eller året etter. Det håpar eg på, men årets VM og OL neste år blir nok litt tidleg for meg. No skal eg først trene mot NM, og så blir det å trene hardt fram mot neste år.