Hopp til innhold

OL-håpet Martin (25) ryddar havet for skrot

Når roaren Martin Helseth skal restituere mellom harde treningsøkter før OL, dykkar han etter søppel i havet.

Martin Helseth dykker etter søppel

HENTAR SKROT: Martin Helseth er nesten like ofte under vatn som over. Her hentar han opp skrot frå havbotnen ved Ålesund.

Foto: Vasco Pinhol

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I sommar skal han delta i sitt aller første OL. Saman med mellom andre superveteranen Olaf Tufte (43) skal han ro dobbeltfirar for Noreg.

Men denne dagen er det ikkje det toppidrettsutøvaren frå Ålesund vil snakke om. For no har Martin Helseth og fotografen Vasco Pinhol sett seg eit mål som er meir ambisiøst enn olympisk medalje.

Det trengs meir enn ein gråte-emoji-storm på Facebook for å rydde havet.

Vasco Pinhol
Vasco Pinhol og Martin Helseth.

Vasco Pinhol og Martin Helseth med søppel frå dagens dykk.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Dykking er som ein fjelltur

Dei tar på seg dykkarutstyret ved ei vik i Ålesund. Vasco har luft-tank. Martin dykkar utan luft. Han er fridykkar. Det er knapt 5 grader i vatnet denne januardagen. Og storm. Haglet piskar mot dei rustne naust-taka, og dei to kompisane er ivrige etter å kome seg under vatn.

– Nede i havet er det verken storm eller regn, seier Vasco Pinhol.

Dei elskar havet begge to. Og Vasco, som opphavleg kjem frå Portugal, elskar Ålesund. Han seier det er den vakraste staden på jord. No har han noko viktig han vil vise fram. Han og Martin har plukka søppel frå havet lenge. Det har dei andre dykkarane dei kjenner også.

Men det er så mykje. Så tungt og overveldande at dei treng hjelp.

– Folk kan ikkje engasjere seg i det dei ikkje ser. Vi vil vise dei korleis det ser ut på plassane vi elskar, og så håper vi det gjer at fleire vil hjelpe oss å rydde opp. Men det viktigaste er at folk sluttar å kaste.

Martin Helseth

Martin Helseth tar med seg ein kulegrill frå havbotnen.

Foto: Vasco Pinhol

Ute av syne, ute av sinn

Dykkarane meiner at folk flest ikkje klarer å førestille seg kor mykje søppel det finst langs kaier og moloar, fordi dei ikkje ser det.

Folk klarer ikkje å bry seg om det dei ikkje ser. Det vil dei to kameratane gjere noko med.

– Hadde alt dette skrotet vore på eit populært fjell, hadde det blitt fjerna for lengst. Dykking er vår fjelltur, og vi vil ikkje ha det slik på fjellet vårt vi heller!

Ryddar vika

Dei er klare. Utstyret er på, og dykkarflåten er klar i vatnet. Planen er å fylle flåten med søppel.

Det skal vise seg at den er for liten.

– Det er herleg å vere her heime i Ålesund. I Oslo, der eg bur no, er vatnet så grumsete sidan alle elvane møtes i fjorden. Her er det klart og fint å dykke, seier Martin Helseth.

Han brukar fridykkinga som restitusjon. Det er godt å ha noko anna enn toppidrettslivet å tenke på. Ofte er han ute på undervassjakt og fangar sin eigen middag.

Helseth er svært nøye med å berre fiske akkurat det han skal ete. Fisken blir reinska i vatnet, slik at andre fiskar og fugl kan ete det som er til overs. Og så tar han alltid med seg like mykje søppel som sjømat i land.

Ein kilo fisk og skaldyr – ein kilo søppel.

Martin viser teikn til Vasco og går under vatn. Det er viktig å vere to når ein fridykkar. I tilfelle ein svimar av. Etter kort tid kjem han opp igjen med skrot. Det tar rundt eit minutt før han dukkar opp på overflata med det første funnet.

Så går det slag i slag.

Dei finn ei vaskemaskin, ei sølvskei, ein plenklippar, ein harpun, noko med kompass på, ein grill, eit hagebord. Det har ikkje gått meir enn ein halvtime.

Grasklipparen og vaskemaskina må bli igjen på botnen. Det blir for tungt. Det er ikkje berre ting frå gamle dagar som ligg ved moloen. Folk kastar søppel i havet framleis, meiner dykkarane.

– Dersom vi to skulle rydde denne vesle vika åleine, hadde vi brukt ein månad. Fleire må hjelpe til, og vi treng maskiner for å få opp alt, seier Vasco Pinhol.

Martin Helseth dykker etter søppel.

Martin Helseth har ikkje problem med å finne søppel, men det er ikkje alt han klarer å få med seg opp.

Foto: Vasco Pinhol

Ikkje unikt

Vika i Ålesund er ikkje unik, meiner dei to. Martin Helseth dykkar ofte i Oslo der han bur, og han meiner det er mykje meir skrot der. Vasco Pinhol har dykka over heile verda og sett det same. Det er fortvilande, men han har håp om endring.

Difor startar dei no dette prosjektet der dei dokumenterer alt skrotet dei finn. Det dei ikkje klarer å ta på land, skriv dei opp koordinatane på, så andre kan ta det opp seinare.

– Vi vil bruke Facebook og Instagram for å få alle til å hjelpe til. Eg håper at folk vil ta tak. Vi er ikkje ute etter å ta verken bedrifter eller politikarar, men ber kvar enkelt om å bidra til at vi får orden på dette, seier Martin Helseth.

Han må ut ein ekstra tur med flåten for å hente resten av skrotet han har tatt opp frå havet under dagens dykkeøkt.

– Folk trur kanskje at alt dette er gammalt søppel, men det er det ikkje. Folk kastar framleis søppel i havet, og det viktigaste er at vi får slutt på det.

Vasco Pinhol og Martin Helseth

Martin Helseth og Vasco Pinhol planlegg neste dykk.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Har kartlagt søppel

Forskar ved Havforskingsinstituttet, Lene Buhl-Mortensen, er ei av dei som kan aller mest om søppel på havbotnen langs norskekysten. Dei har gjennom Mareano-prosjektet kartlagt havet frå Stad og nordover, men dei har også sett korleis det står til nær land.

Lene Buhl-Mortensen

Lene Buhl-Mortensen

Foto: Havforskningsinstituttet

– Jo nærare land ein kjem, og spesielt ved kaier og store fiskebåthamner, jo meir søppel ser ein på havbotnen. På filmane vi har tatt, ser vi mykje skrot, både plast og metall, seier ho.

Ho er heilt klar på at rydding må til, men korleis ein skal ta det opp, er det store spørsmålet.

– For det første må folk slutte å kaste ting på havet, og så må vi fjerne det som alt ligg der. Men det må fjernast på ein måte som er skånsamt for livet i havet. Vi er bekymra om dei bruker trål, for då kan dei øydelegge koralar og botndyr. Kanskje bør ein sjå om det er mogleg å bruke ein metode med grave-klo og kamera på båt, seier ho.

Elvestuen under presentasjon av FN-rapport om klima 2019

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V)

Foto: Ole Berg-Rusten / Berg-Rusten, Ole

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) seier søppel i havet er eit satsingsområde for regjeringa. Han viser mellom anna til at frivillige kan søke om pengar til strandrydding. Fristen for 2020 går ut 7. februar.

– Her er det ikkje ei løysing. Vi må sjå på mange ulike tiltak, og så må dei frivillige som ryddar opp få god støtte av det offentleg gjennom dei støtteordningane som finst, seier han.

Elvestuen er også klar på at det viktigaste er at folk sluttar å kaste skrot i havet, og seier dei vil jobbe med fleire tiltak for eit reinare hav i åra framover.

– Vi har brukt havet som avfallsplass i mange år. Det må ta slutt på. Den marine forsøplinga vi har, spesielt plastavfallet, er ein av dei største katastrofane vi står overfor. Det er ein direkte trussel mot livet i havet, seier han.

Skrot i havet, Martin Helseth rydder.

Martin Helseth klarer ikkje få med seg meir enn ein brøkdel av skrotet som ligg i den vesle vika ved Ålesund.

Foto: Vasco Pinhol

Håp

Dei to dykkarane i Ålesund pakkar saman og fyller bilen til Vasco Pinhol med det dei har tatt opp frå Sjøen.

Vasco tar seg også ei runde rundt nausta og plukkar plastpresenningar og andre ting som stormen har ført mot havet. Han har studert marinbiologi, og det gjer at han blir ekstra fortvila over det som møter han på havbotnen.

– Denne plasten forureinar matfatet vårt. Fisken et plast, og dermed et vi også plast, seier han.

– Finst det håp?

Klart det finst håp, elles hadde vi ikkje gjort dette. Men vi må ha handling. Det trengst meir enn ein gråte-emoji-storm på Facebook for å rydde havet.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet 0.0 tonn plast i havet. Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet0,0 tonnplast i havet

Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Ta quizen og redd hvalen