Hopp til innhold

Innvandrarar får tilbod om å øvelseskøyre

Røde Kors har motteke ein million kroner til prosjektet, "Lappen i lomma". No skal innvandrarar i Møre og Romsdal få tilbod om å øvelseskøyre, men først treng dei frivillige øvelsesførarar.

Terri Senior

Initiativtakar og nestleiar i Røde Kors Møre og Romsdal viser fram bilane som skal nyttast til øvelseskøyringa.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Mange innvandrar ynskjer hjelp til øvelseskøyring og leiinga i Røde Kors Møre og Romsdal er glade for å endeleg kunne tilby dette. Gjennom prosjektet "Lappen i lomma" skal innvandrarar få tilbod om øvelseskøyring gjennom trygge og ordna rammer. Tysdag viste Røde Kors stolt fram to splitter nye hybridbilar, ei sjenerøs gåve frå Gjensidigefondet.

– Det er ein fantastisk ide som eg trur vil spreie seg til andre stadar i landet.

Marit Bolstad, Gjensidigefondet.

– Vi avdekkjer viktige behov og eg er stolt over den kreative gjengen i Røde Kors som har satt i gong dette tiltaket, seier Tore Nedregård som er dagleg leiar i Røde Kors Møre og Romsdal.

Eit etterlengta tiltak

Initiativtakar og nestleiar, Terri Senior jobbar tett med innvandring. Ho fortel at dette har vore eit etterlengta tiltak blant flyktningane i fylket.

– Køyretimar kostar mykje og det er ikkje alle som har eit familiemedlem eller ein ven som kan hjelpe dei med øvelseskøyringa i forkant, seier Senior og fortel at behovet melde seg allereie 10 år tilbake.

Les også:

– Mannen min var tidlegare "flyktningguide", ein støttespelar for nye innvandrar. Han nytta sin private bil til å øvelseskøyre med flyktningane, seier Senior og fortel at fleire har gjort det same. Sertifikatet er eit reelt behov for mange innvandrarar.

– I fleire yrke er det krav om å ha lappen. Dette er noko som merkast spesielt blant innvandrarkvinner i omsorgsyrket. Dei må ofte flytte seg mellom aldersheim og omsorgsbustadar, og då er det eit krav om å køyre bil.

Mottar sjekken på 1 million

Overrekking av sjekk på 1 million: Dagleg leiar i Røde Kors Møre og Romsdal, Terri Senior, Marit Bolstad i Gjensidige fondet og Nils Christian Kaaresen i Brages Bilforretning AS.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Ei aha-oppleving

Gjensidigestiftelsen fall som eit naturleg val då Røde Kors skulle søke om støtte til prosjektet. Stiftelsen har tidlegare støtta fleire av Røde Kors sine aktivitetar. Ei støtte på heile èin million kroner resulterte i to nye bilar frå Brages Bilforretning AS. Marit Bolstad i møtte tysdag fram ved bilforhandlaren for å overrekke den store sjekken.

– Vi hadde aldri tenkt over denne problemstillinga, så vi fekk verkeleg ei aha-oppleving. Vi syntes det var ein kjempe flott idè og tenkte umiddelbart at vi måtte støtte dette, seier Marit Bolstad i Gjensidigefondet og held fram at ho er glad for å få ta del i dette.

– Det er ein fantastisk ide som eg trur vil spreie seg til andre stadar i landet.

marsipankake

Røde Kors - gjengen feira med marsipankake etter overrekkinga av sjekken. På kaka er den eine av bilane avbilda.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Vil ha frivillige køyrelærarar

No ser Røde Kors etter frivillige som kan tenke seg å øvelseskøyre med innvandrarane. Med kursing av dei frivillige og tunge samarbeidspartnarar i ryggen, som blant anna NAF og Vegvesenet, er det stort fokus på tryggleik for begge partar.

– Vi veit at pågangen kjem til å bli stor blant dei som har behov for å øvelseskøyre. Vi er spente på kven dei frivillige blir, men vi er veldige optimistiske, avsluttar Senior.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL