Hopp til innhold

Motorsyklist køyrde ut i terrenget og forsvann

I halv firetida i natt såg vitne eit motorsykkel køyre i stor fart ut i terrenget mellom Haukebø og Mordal. Politiet var på staden like etter, men då var føraren av motorsykkelen vekke. Søndag kveld fekk politiet kontakt med mannen.

Siri Engdahl

Operasjonsleiar Siri Engdahl seier at politiet ikkje har nokon teori om kvifor mannen forsvann.

Foto: Anne-Mari Flatset

Det blei nokså snart sett i gang søk etter mannen, som politiet frykta skulle ligge skadd i terrenget. Motorsykkelen fann politiet nokså raskt.

Operasjonsleiar Siri Engdahl fortel at både politi med hund, brannvesen, ambulanse, Luftambulanse, Redningsskøyte, Røde Kors og Norsk Folkehjelp har søkt i området.

Dei ber også dei som bur i området om å sjekke hus, hytter, naust og uthus og føraren av motorsykkelen skal vere der.

Stor leiteaksjon

Då motorsykkelen køyrde ut i terrenget var den på veg vestover frå Molde, på fylkesveg 662.

– Vedkomande er sporlaust forsvunne, seier Engdahl, som fortel at andre køyretøy ikkje var innblanda i hendinga.

Tidleg søndag føremiddag var Norsk Folkehjelp, Røde Kors og politiet framleis i gang med leitinga, men i 11-tida blei den avslutta utan resultat. I staden blir etterforskinga trappa opp, opplyser politiet.

Dei har ingen teori om kvifor motorsyklisten har forsvunne. Dei veit kven eigaren av sykkelen er, ein mann i 40-åra frå Molde, men ikkje om det var han som køyrde i natt.

Har fått kontakt

Søndag kveld seier politiet at dei har fått kontakt med eigaren av motorsykkelen. Han blir søndag kveld avhøyrt på Molde politistasjon.

– Han sit no i avhøyr, fortel operasjonsleiar Frode Gjøsund, like etter klokka 22.00.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL