Hopp til innhold

Meiner politiet har gjort for lite

Per Kristian Rekdal er ein av dei mange båteigarane som har fått båten sin stolen i sommar. Han fann den att, men i dårleg stand. – Politiet har ikkje gjort noko ting i mine augo, seier han.

Per Kristian Rekdal

STOLEN: Familiebåten til Per Kristian Rekdal, ein 21-fots daycruiser, vart stolen frå Tennfjord. Rekdal meiner politiet har gjort ein for dårleg jobb i saka.

Foto: Montasje

– Båten var plutseleg borte vekk. Eg rapporterte inn til forsikringa, til politiet, og det som er, seier Per Kristian Rekdal.

– Det er irriterandes når folk stikk av med båten rett før sesongen byrjar, og det som kanskje er endå verre er at politiet ikkje har gjort noko med det, seier han.

– Det er dårleg

Per Kristian Rekdal

DÅRLEG: Per Kristian Rekdal meiner politiet har gjort ein dårleg jobb i bevissikringa då båten hans vart funnen igjen.

Foto: Privat

Båten vart stolen frå Tennfjord og Eidsvik småbåtlag den 21. mai, men etter to knappe veker ringde det frå Molde politistasjon. Politiet hadde fått tips om at ein båt var funne i fjøra, i Dryna i Midsund.

– Politiet var ikkje interessert i å komme om bord i båten og ta fingeravtrykk før me fekk sleppe til i båten, seier Rekdal.

– Når ein ser alle båttjuveria som har vore i det siste, så synest eg det er litt dårleg at dei ikkje gjorde noko meir med det, seier han.

Sikra båten

Rekdal seier han hadde sikra båten, men at det ikkje var til hjelp.

– Eg har vanleg securmark på båten, og den var fortøydd i hamna. Det er ein tenningslås på han, så du skal ha nøklar på den, på lik linje med ein bil, seier han.

– Hamna har kameraovervaking, men det kan tyde på at tjuveriet var planlagt, for nokon hadde spraya svart måling over linsa på dei, seier han.

Store skadar

Båten til Per Kristian Rekdal

FUNNEN: Båten som vart stolen i Tennfjord vart funnen att i Midsund. Då hadde båten fått store skadar.

Foto: Privat

Ifølge forsikringsselskapet til Rekdal vil koste frå 150 000 til 250 000 å få reparert båten.

– Tjuvane hadde fortøydd båten noko dårleg, så den hadde lugge og gnaga inn mot stein og brygga. Det var skadar på båten, seier Rekdal.

– Kalesjen var øydelagt, det var gnaga hòl på plasten framme i baugen, hekkaggregatet bak var knust, og det låg og slo inn mot stein. I tillegg har det sannsynlegvis vore tilløp til ei form for motorbrann, seier han.

Blir prioritert av politiet

Lars Erik Steinsland er politioverbetjent ved etterforskingssekjonen i Sunnmøre politidistrikt, og seier båttjuveri-saker blir prioritert på lik linje med andre saker. Han kjenner ikkje til kvifor det ikkje vart tatt fingeravtrykk i båten til Rekdal.

– Eg kjenner verken til denne konkrete båten eller kvifor det ikkje vart tatt fingeravtrykk. Det kan vera forskjellige grunnar til det. Det er ikkje alle åstader som er i ein slik stand som gjer det eigna for å ta fingeravtrykk, seier Steinsland.

– Korleis blir slike saker normalt etterforska?

– Dei aller fleste båtane som blir stolne i vårt område vert før eller sidan funne att, og normalt sett blir det tatt åstadsundersøking. Det inneber også fingeravtrykk, og undersøkingar på andre gjenstandar som blir funne i båten, seier Steinsland.

– Så langt me klarer så prioriterer me å sende folk på denne type åstader, seier han.

Båt stolen frå Tennfjord

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL