Hopp til innhold

Minst 24 båttjuveri på Sunnmøre

I sommar har minst 24 båtar blitt stolne på Sunnmøre, men politiet har ikkje inntrykk av at tjuveria er organiserte.

Stjålet ribbåt

STOLEN: Ein rib-båt som vart stolen i Sula dukka opp i Volda.

Foto: Sunnmøre politidistrikt

– Me har inntrykk av at det er mykje tjuveri av båt no, og spesielt den siste tida har me hatt mange oppdrag der folk observerer at andre er i ferd med å stele båtar, seier operasjonsleiar Borge Amdam i Sunnmøre politidistrikt.

Om lag 24 tjuveri

Han seier politiet prøver å komme seg i posisjon, men at dei foreløpig ikkje har klart å ta så mange av tjuvane.

– Eg har prøvd å få ein røff oversikt i loggen vår, og det ser ut til at det frå mai og til no har vore 24 tjuveri av båt, seier Amdam til NRK.

Nordmøre og Romsdal politidistrikt har også hatt fleire tilfelle båttjuveri, men har ikkje kunne talfeste kor mange det er snakk om.

Truleg ikkje organisert

Operasjonsleiar Amdam har ikkje inntrykk av at det er organiserte som stel båtane.

– Dei stel ikkje båtane for å selje dei. Det er for å bruke dei og frakte seg frå A til B. Me finn gjerne igjen båtane etter ei stund. Det er ikkje organisert slik at dei stel båtane for å omsette dei, seier han.

Kva kan politiet gjere for å forhindre dette?

– Me har ein politibåt som me nyttar for å prøve å stanse dei, men me må tenke på tryggleik både til eige mannskap og til dei som køyrer den stolne båten. Det er tydeleg at dei ikkje alltid tenkjer på si eiga tryggleik, seier Amdam.

Er det ofte alkohol inne i biletet?

– Det veit me ikkje, men dei me har arrestert i løpet av sommaren har gjerne vore rusa, seier Amdam.

MELDINGAR OM BÅTAR I SOMMAR: