Pedersen-Eriksen fortel at det er med stor sorg at ho takkar nei til stillinga som soknepreststillinga i Sandøy kommune.
– Sorg fordi eg allereie har blitt så glad i menneska som eg veit ønska å ta imot meg og mitt liv på Sandøy. Samtidig kjenner eg meg letta fordi presset mot meg har vore så sterkt at det har trua grunnen eg står på, seier ho.
- Les også:
Omstridt sak
Pedersen-Eriksen, som er open om at ho er homofil, var i mars i sentrum av ei omstridd tilsettingssak i Møre Bispedøme. Reaksjonane var delte då teologistudenten fekk tilbod om jobben som sokneprest i Sandøy kommune fordi ho i sommar skal gifte seg med kjærasten Sigrunn.
Dette var første gang Møre Bispedømmeråd behandla ei tilsettingssak der det var kjent at søkaren var lesbisk.
- Les også:
Sterkt press
Pedersen-Eriksen ønsker foreløpig ikkje å snakke med media.
– Ho har takka nei fordi ho i ettertid har måtte gått i seg sjølv og kjenne på kva ho faktisk maktar etter det presset ho har stått i, seier rettleiaren hennar, Elisabeth Thorsen.
Ho fortel vidare at Pedersen-Eriksen opphavleg ønska seg jobben i Sandøy, og at ho ikkje søkte på stillinga for å utfordre systemet.
– Ho ønska jobben då ho søkte på den, og hadde tillit til at ho ville bli behandla som ein vanleg søkar. Presset i ettertid har rett og slett blitt for stort til at ho følte det var forsvarleg å ta stillinga no, seier Thorsen.
Thorsen fortel at Pedersen-Eriksen hadde forventa reaksjonar då ho søkte på stillinga, men at ho aldri hadde trudd at presset ville bli så stort.
– Ho har sjølvsagt fått mykje støtte i denne saka, men ho har også fått ekstremt mange negative meldingar både på telefon, melding osv. Ho har også blitt angripe og konfrontert av framande på opne gater, seier Thorsen.
– Eg meiner at det ikkje er ein situasjon det blir rett for ein nyutdanna prest og utsette seg for, held ho fram.
- Les også:
Det riktige valet
Pedersen-Eriksen har også takket nei til ei prostiprestestilling i Tromsø.
– Å takke nei til begge desse stillingane var ikkje det eg ønska, men meiner det var det riktige valet ut ifrå situasjonen, seier Pedersen-Eriksen.
– Å stå i kjente relasjonar som bygger meg opp, som ektefelle, prest og menneske blir viktigare for meg framover. Eg skal no bruke tida til å ta vare på Sigrunn og meg sjølv, held ho fram.
Innstilt på å ønske Pedersen-Eriksen velkomen
Møre bispedøme skriv i ei pressemelding at dei var innstilt på å ønskje Pedersen-Eriksen velkomen til presteteneste i Møre.
– Debatten om kyrkja sitt syn på ekteskapet vekkjer sterke kjensler anten ein støttar det eine eller det andre synet. Det visast også gjennom prosessane i denne tilsetjingssaka, skriv Bjørn Olaf Storhaug, stiftsdirektør.
– Pedersen-Eriksen viser til at presset ho har opplevd i denne prosessen har vore svært stort. Det handlar om medmenneske sin identitet og djupaste kjensler, slik ho så ope og tydeleg har gitt uttrykk for, held han fram.