NRK Meny
Normal

– Responsen har vore overveldande

Hanne Marie Pedersen Eriksen har denne veka vore i sentrum av ei omstridd tilsettingssak i Møre Bispedøme. Ho set stor pris den overveldande støtta ho har fått.

Hanne Marie Pedersen Eriksen

Teologistudent Hanne Marie Pedersen Eriksen er overvelda over responsen ho har fått denne veka.

Foto: Silje steinnes bjerknes / nrk

– Det har vore ein kjenslefull berg og dalbane med nedturar og oppturar. Eg trur dette er noko av det heftigaste eg har opplevd, men i tillegg har eg lært mykje av det, seier teologistudenten.

Onsdag var første gong Møre bispedømeråd handsama ei tilsetjingssak der ein søkjar har gitt til kjenne at ho vil inngå ekteskap med ei av same kjønn.

Pedersen-Eriksen, som har vore open om at ho er homofil, vart tilsett av bispedømerådet som sokneprest i Sandøy med eit knapt fleirtal. Biskopen i Møre gjekk då ut og sa at ho ikkje ville ordinere henne fordi ho til sommaren vil gifte seg med kjærasten sin. No kan ho bli ordinert av ein annan biskop.

Set pris på støtta

Saka har skapt stort engasjement den siste veka, og Pedersen-Eriksen har opplevd stor pågang frå blant anna media. Det har ført til ei rekke meldingar både frå ukjende og kjende.

Hanne Marie Pedersen Eriksen

Pedersen-Eriksen sett stor pris på støtta ho har fått denne veka.

Foto: silje steinnes bjerknes / nrk

– Eg brukte om lag heile kvelden i går til å svare på meldingar. Eg har fått mange positive tilbakemeldingar, og det varmar verkeleg, seier ho.

Ho fortel at responsen har vore overveldande.

– At så mange tek kontakt for å vise sin støtte betyr mykje. Det er nesten ubeskriveleg, seier Pedersen-Eriksen.

Trist

Men også biskopen får støtte for sitt syn. Misjonsforbundet og Indremisjonsforbundet meiner det er tragisk at den første sambuande lesbiske presten har fått tilbod om jobb i Møre bispedøme. Det har ført til at biskopen har mottatt hatmeldingar med beskjed om at ho skal til helvete.

Det synast Pedersen-Eriksen er leit.

– Det er trist at nokon vel å sende slike meldingar til ein person som eg har stor respekt for. Dette har vore ei vanskeleg sak for alle, men vi har vore i ein tett dialog og ho har stått for sitt prinsipp. Det må ein nesten berre respektere, seier ho.

– Eg følte eit kall

Pedersen-Eriksen vektlegg at ho ikkje søkte på prestestillinga i Sandøy for å sette i gang ein debatt i Møre bispedøme.

Hanne Marie Pedersen Eriksen

Hanne Marie Pedersen Eriksen har opplevd stor pågang denne veka.

Foto: silje steinnes bjerknes / nrk

– Eg søkte på denne stillinga fordi eg følte eit kall og synast den var spennande. Det har blitt eit mykje større køyr enn eg kunne førestilt meg, seier

Pedersen-Eriksen fortel at ho hadde rekna med noko motstand då ho søkte på prestestillinga i Sandøy, men at ho aldri hadde trudd konsekvensane ville bli så store.

– Eg var innstilt på at det kunne gå ein annan veg i bispedømerådet, men eg valde å søke på grunn av eit kall, seier teologistudenten.

– Eg har studert teologi i seks år og dette var svært viktig for meg. Eg søkjer ikkje på ei prestestilling berre for å søkje, held ho fram.

– Ikkje eit problem

Pedersen-Eriksen skal no vurdere om ho skal ta stillinga som prest i Sandøy kommune.

Biskop Ingeborg Midttømme

Pedersen-Eriksen trur ikkje det blir problematisk dersom biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme, blir sjefen hennar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Dersom teologistudenten takkar ja til stillinga blir biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme, arbeidsgivaren hennar. Ho trur likevel ikkje at det blir problematisk å for henne.

– Midttømme har sagt at ho vil vere ein god sjef for meg om eg takkar ja. Vi har hatt eit godt forhold alle dei åra eg har vore tilknytt Møre i løpet av studietida mi, og det set eg stor pris på, seier ho.

Pedersen-Eriksen håpar likevel at det kan skje ei utvikling innanfor kyrkja i dei komande åra.

– Eg håpar sjølvsagt på ei kyrkje der dette ikkje er eit tema om nokre år, men eg trur vi må ta tida til hjelp, seier ho.