Hopp til innhold

Kripos bistår politiet i Ulsteinvik

Politiet får no hjelp med den tekniske etterforskinga etter at ein mann døydde av hovudskader tysdag. Naboen er sikta.

Ulsteinvik dødsfall

I denne leiligheta skal valdsepisoden ha skjedd natt til tysdag.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det var natt til tysdag at valdsepisoden i Ulsteinvik skjedde. Offeret fekk påført så omfattande hovudskadar etter å ha blitt slått i hovudet med ei flaske, at han døydde ved St. Olavs hospital same ettermiddag.

Dei to mennene var, i fylgje politiet, naboar i Ulsteinvik. Etter det NRK erfarer budde mennene i same leilegheitskompleks. Kripos kjem no til staden for å hjelpe politiet med den tekniske etterforskinga.

– Dei kjem anten i løpet av dagen eller i morgon, seier politiadvokat Elin Drønnen.

Kjente kvarandre

Tidleg tysdag sa politiet til NRK at sikta skal ha funne naboen i senga med sambuaren sin, og at han reagerte med å slå han fleire gongar med ei flaske. Dette vil Drønnen ikkje kommentere.

Hendinga skjedde i leilegheita der den sikta mannen budde. Det er relasjonar mellom sikta og offeret, men kva desse går ut på, vil eg ikkje kommentere, seier politiadvokat Elin Drønnen.

Den sikta mannen vart pågripen på staden.

Erkjenner straffskuld

Mannen som er sikta for lekamsskading med døden til følge, har erkjent straffskuld.

– Han erkjenner handlinga, og tar det veldig tungt, seier forsvarar Torgeir Langva.

Den sikta mannen er ikkje straffa for vald tidlegare. Politiet vil ikkje fastslå statsborgarskap, men stadfestar at han har aust-europeisk bakgrunn.

Kan utvide siktinga

Mannen blir framstilt for varetektsfengsling i Sunnmøre tingrett torsdag ettermiddag.

– Vi tar ikkje stilling til om siktinga vert utvida før vi har fått obduksjonsrapporten og gjort fleire vitneavhøyr, seier Drønnen.

Mannen sit fengsla i Ålesund.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL