Hopp til innhold

Mann livstrugande skadd etter å ha blitt slått med flaske

Ein mann er sendt til St. Olavs hospital i Trondheim med livstrugande hovudskader etter å ha blitt slått mange gongar med ei flaske.

Då ein mann i Ulstein kom heim frå fest, skal han i fylgje politiet funne naboen i si eiga seng saman med sambuaren, og reagert utagerande.

– Han slo naboen fleire gongar i hovudet med ei flaske. Skadane såg stygge ut, seier Johan Arnt Overøye. Han er operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Den skadde mannen i 20-åra vart først sendt til Volda sjukehus.

Livstrugande skader

– Det viser seg at han har fått alvorlege hovudskader og vert flogen til Trondheim, seier Overøye.

AMK-sentralen i Ålesund melder at skadane er livstrugande. Tilstanden er ustabil og uavklart. Mannen kom til Trondheim like etter klokka 09.00.

Sett i arrest

Det var i natt klokka 04.39 at politiet fekk melding om bråket. Gjerningsmannen er sett i arrest og vil bli avhøyrt i løpet av dagen. Også andre vitner skal forklare seg for politiet.

– I løpet av i dag eller morgon vurderer vi om mannen skal framstillast for varetektsfengsling, seier politiadvokat, Elin Drønnen.