Hopp til innhold

KBK inviterer heile byen til dugnad

Det står att mykje arbeid før Kristiansund stadion er klar for eliteserien. No inviterer klubben alle innbyggjarane i byen på dugnad for å bli ferdig før avspark 1. april.

Christel N. Strømsvåg og Jannicke Bøe på dugnad for KBK

Christel N. Strømsvåg og Jannicke Bøe er på dugnad for KBK.

Foto: Svein Junge

Då Kristiansund rykte opp til i eliteserien for første gang i historia, måtte stadion oppgraderast for å tilfredsstille krava til toppdivisjonen. Blant anna har det blitt bygt nytt flaumlysanlegg og vatningsanlegg. Interessa for sesongkort har vore formidabel etter opprykket og difor har klubben også bygt ei ekstra tribune.

– Vi har jo alltid dugnader før sesongstart, men no står det att eit stort arbeid for å få på plass alt på det nye stadionet, seier Liv Berit Bach. Ho jobbar som frivillig i KBK og er dugnadsansvarleg.

Lang liste med oppgåver

Det er ei lang liste med gjeremål som står att før KBK er klar til kampen mot Molde 1. april. Blant anna bygging av terrasse og gjerde, hellelegging, skruing av reklameskilt, montering av seter, rydding og vasking. For å utføre alt dette treng klubben hjelp frå fleire enn dei vanlege frivillige.

– Dei klarer ikkje ferdigstillinga åleine, så vi treng hjelp frå alle som har nokre timar eller ein kveld eller to å avsjå, seier Bach.

Truls Helland i KBK

Truls Helland er driftssjef i KBK og har rikeleg med dugnadsoppgåver å dele ut.

Foto: Svein Junge

Manngard på grasmatta

Planen var å samle eit 100 tals personar før dagens treningskamp mot Levanger for å gå manngard på grasmatta og plukke opp skruar og byggemateriale. På grunn av snøen gjekk ikkje det. Klubben prøver å få det til i løpet av dei neste dagane.

– Aller siste frist for å bli ferdig med alt arbeidet som gjenstår er nokre timar før kampen 1. april, men vi kan ikkje stå å skru reklameskilt like før, seier Bach. Ho ber om at dei som vil hjelpe til tar kontakt på førehand.