Rindalslist AS har drive med produksjon av listverk i over 40 år, og leverer til dei fleste landsdekkande byggevarekjedene.
Selskapet sysselset 35 medarbeidarar, og seier i ei pressemelding at dei har klart å halde på lokal eigarskap.
– Lokalpatriotismen blant eigarane har vore avgjerande, seier Romundstad. Eg gler meg til å formidle dette til alle tilsette, seier han.
Tøff konkurranse
Regional- og næringsutvalet gjekk tysdag 4. mars samrøystes inn for å tildele Fylkesprisen Årets Bedrift 2013 til Rindalslist.
I si grunngjeving har utvalet lagt vekt på god leiing, ein tydeleg personalpolitikk, utviklingsorientering og at bedrifta går inn for miljøsertifisering i 2014.
– Vi er veldig imponert over kva Rindalslist har fått til, og at dei har klart å drive med produksjon av listverk i så mange år. Dette er ei hjørnesteinsbedrift i Rindal og viktig for distrikts-Noreg, seier utvalsleiar Randi Asbjørnsen.
– Konkurransen var hard, vi har fått inn veldig mange gode forslag, noko som viser at vi har eit flott og mangfaldig næringsliv i fylket.
Frå produksjonsfokus til marknad
Rindalslist er inne i ein positiv vind. For to år sidan fekk bedrifta Verdiskaparprisen og har også blitt kåra til Årets Leverandør i ein av landets største byggevarekjeder.
– Kva er suksessoppskrifta?
– Eit viktig grep har heilt klart vore å bevege oss frå å vere veldig produksjonsorientert til å vere meir opptatt av marknaden, seier Romundstad. Det handlar i stor grad om å tenke langsiktig og få til ei tidleg klargjering av behova i marknaden.
Prisutdelinga skjer på Fylkestinget i april.