Hopp til innhold

Hunden og rådyret er bestevener

Då rådyret i Halsa kom bort frå mora si, fann ho tryggleik i eit heilt anna dyr. Elghunden Remy har blitt som ein storebror og passar på henne.

Rådyr og hund fann kjærleiken i Halsa

På eit gardsbruk i Valsøyfjorden i Halsa har familien Henden fått eit heilt spesielt kjæledyr. Alexandra Henden høyrde nokon som skreik bak huset, og fann eit rådyrkje. Ho tok med seg rådyret inn i den tru at kjeet var utan mor. Då ektemannen Egil Henden kom heim frå jobb, var skaden allereie skjedd.

– Eit rådyr som er inne hos menneske, vil som regel ikkje bli godteke av mora igjen på grunn av lukta. Denne historia starta eigentleg med ein tabbe, men vi må gjere det beste ut av det, seier Egil Henden. Det var lokalavisa Driva som først omtalte saka.

Egil Henden

Egil Henden er sjølv jeger og hadde aldri trudd at han skulle bli matfar til eit rådyr.

Foto: Eirik Haukenes

Hunden vart storebror

Alexandra Henden

Matmor Alexandra Henden.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det gjekk ikkje lang tid før den eitt år gamle elghunden Remy og rådyret fekk eit heilt spesielt forhold.

– Hunden godttok rådyret frå første dag og har tatt rolla som storebror, ifylgje Henden.

Og det kan vere greitt for eit stille og beskjedent rådyr å ha ein robust og uredd storebror. Rådyret har fått namnet Prinsessa, og når ho stavrar seg over parketten på stova med ustøe bein, fylgjer hunden med. Han passar også på at ingen kjem nær når dei er ute og leikar.

– Ho blir merkbart rolegare når hunden kjem inn. Er han ute, likar ho seg aller best i sofaen hos Alexandra eller ved spisestova av furu, fortel Egil.

Rådyr og hund

Skogen av furumøblar er ein trygg stad.

Foto: Eirik Haukenes

Når kvelden kjem, legg hund og rådyr seg tett saman for felles kveldsstell. Det inneber slikking av kvarandre sine øyre.

Litt sjalusi

Ekteparet merkar at det er litt sjalusi ute og vankar. Elghunden har nemleg både sofa- og tiggeforbod. For rådyret med dei søte auga er dei reglane oppheva.

Rådyr i sofaen

Sofaforbudet gjeld sjølvsagt ikkje for ei prinsesse.

Foto: Eirik Haukenes

– Hunden kan bli sjalu. Men han lar det ikkje gå utover henne. Tvert imot blir det enda viktigare at han til ei kvar tid er den som sit eller ligg nærast henne, seier matfar.

Søsken på lånt tid

På dagtid står rådyrkjeet ute i hagen med katteband for at ho ikke skal rote seg bort. Egil har observert det som truleg er mora til kjeet, men det har ikkje blitt noko gjenforeining.

Likevel har han eit håp om at rådyret skal finne saman med andre ville dyr.

– Til hausten er planen at vi skal sleppe henne. Då skal ho merkast godt slik at ho ikkje blir tatt under jakta, sier Egil Henden, som sjølv er jeger.

Og dersom Prinsessa kjem tilbake til garden, skal fjøsdøra stå opa, slik at ho kan ete og sove i varmen der.

Rådyr i stua

Vannmelon er yndlingsdesserten etter gras og kraftfor.

Foto: Eirik Haukenes