Hopp til innhold

Hødd-jubel etter snuoperasjon

Hødd har mest heile sesongen kjempa i toppen av 1. divisjonstabellen, men det var så vidt båten bar dei siste kampane. Men ein snuoperasjon i Bergen sikra Hødd kvalifiseringsspel til Eliteserien.

Brann - Hødd 1-2

Hødd snudde og vann 2–1 i Bergen og er klare for kvalifiseringsspel.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Det byrja å butte i mot for Hødd mot slutten av denne sesongen, men laget klamra seg fast til ei plassering mellom dei seks beste på tabellen. Men det blei jamnare og jamnare, og før dagens kamp mot allereie opprykksklare Brann var det klart at Hødd ikkje kunne tape.

– Vi visste at vi måtte gi full gass frå start, og på sitt beste kan spelarane få til fantastiske ting. I pausen bestemte vi oss for å spele vårt livs andreomgang, og så fekk det berre breste eller bere. Vi får dei scoringane vi treng for å vinne kampen, og det er utruleg flott, seier hovudtrenar i Hødd Sindre Eid etter kampslutt.

Hødd snudde kampen

Lars Arne Nilsen

Lars Arne Nilsen fekk både i pose og sekk; opprykk for Brann og siger til Hødd

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Sjølv om tidlegare Hødd-trenar Lars Arne Nilsen har eit hjarte for gamleklubben, er han også profesjonell, og Brann måtte difor gjere jobben sin. Og etter ein halvtime på Brann Stadion blei det stilt frå sunnmøringane. Då skåra heimelaget og resultatet frå andre kampar gjorde at Hødd var nede på 7.-plass på tabellen.

Men to raske skåringar gav både utlikning til 1–1 og Hødd-leiing 2–1. Det helt seg kampen ut og Hødd blei nummer fire, på plassen bak Kristiansund. Dermed er det framleis håp om eliteseriespel neste år, også for Hødd.

Eid trur laget no har gode sjansar til å rykke opp til eliteserien.

– Det handlar om å ha trua og om prestasjonar. På vårt beste er vi i stand til å slå alle, og den trua må vi ha når vi no går inn i kvaliken, men vi veit det blir tøft og jamt. Heldigvis får vi starte med heimekamp og det er viktig for oss, seier hovudtrenaren i Hødd.

Laget tek seg likevel tid til ei lita feiring søndag, før dei igjen setter fokus mot kvalifiseringskampane.

– Målet om playoff er nådd, og det skal vi nyte i dag. Vi er fire kampar unna eliteseriespel, og alt kan skje, seier ein førnøgd Eid.

Forlenga for Eid

Sindre Eid

Det blir minst ein kamp til som Hødd-trenar for Sindre Eid.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Det gjer at dette likevel ikkje var siste kamp for Sindre Eid som Hødd-trenar i denne omgang. Etter to år ønskte han avløysing, og går tilbake til marknadsavdelinga i klubben.

Men no blir det minst ein kamp til for både Eid og spelarane. 4.-plassen inneber at Hødd får heimekamp i første kvalifiseringskamp. Den blir mot eit lag som har imponert og overraska. Sørlands-laget Jerv frå Grimstad var nye i divisjonen i år, men klarte ein sterk 5.-plass.

KBK i førarsetet

KBK mot Nest-Sotra

Det kan bli meir jubel i Kristiansund utover hausten.

Foto: Roar Halten / NRK

Kristiansund har i år som i fjor imponert og kanskje overraska dei fleste, og har igjen kome så høgt på tabellen at dei får spele minst ein kvalifiseringskamp. KBK har jamt og trutt plukka poeng, så mange at laget hamna på plassen bak direkte opprykk.

Det gjer at dei får heimekamp i den første kvalifiseringskampen. Det er mot Ranheim frå Trondheim. Eit lag som klatra veldig på tabellen etter at tidlegare Rosenborg-profil og landslagsassistent Ola By Rise tok over laget.

Vinn eller forsvinn

I kvalifiseringskampane er det berre eit lag som står igjen som vinnar. Om både KBK og Hødd vinn sine kampar er det desse to laga frå Møre og Romsdal som møtest i andre kvalifiseringskamp. Vinnaren der igjen skal spele mot det 3. dårlegaste laget i Eliteserien.

Her er datoane for kvalifiseringa til eliteserien fotball menn.

  • Kamp 1: Kristiansund – Ranheim søndag 8. november kl. 12.
  • Kamp 2: Hødd – Jerv søndag 8. november kl. 15.
  • Kamp 3: Vinnarane av kamp 1 og 2 møtast søndag 15. november. Tidspunkt blir avgjort måndag 9. november.
  • Kamp 4 og 5: Mellom vinnar kamp 3 og nummer 14 i eliteserien. Kampdagar bli bestemt seinare. Potensielle datoar er 18. november, 21. november, 22. november og 25. november.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL