– Nei, i morgon må vi legge alle kjensler til side og vere profesjonelle. Det er mange klubbar som kjempar hardt om opprykk og Hødd må vere gode nok på eiga hand til å slå oss, seier hovudtrenar i Brann Lars Arne Nilsen og smiler.
Det blir eit spesielt møte når Brann tek imot Hødd på heimebane søndag. Den tidlegare Hødd-trenaren tok over trenaransvaret for Brann i sommar og har no leia bergensarane til opprykk. Med Brann-siger i morgon kan han sende sin gamle klubb hovudstups ut av kvalifiseringa.
– Vi har nådd målet om opprykk og har ikkje det same presset på oss for å vinne som andre, men vi vil likevel avslutte sesongen på ein skikkeleg måte, seier Nilsen.
- Les også:
Har eit spesielt forhold til Hødd
Nilsen førte fotballaget Hødd heilt til cupfinalen på Ullevaal i 2012, og sensasjonelt vant laget NM-gullet.
Sivert Heltne Nilsen, tidlegare Hødd-spelar og son til Brann-trenaren, kom også til klubben denne sesongen.
Foto: BrannI 2013 slutta han som hovudtrenar i klubben og var utan trenarjobb til han tok over ansvaret for Brann i slutten av mai i år. Nilsen innrømmer at han har eit spesielt forhold til gamleklubben.
– Eg hadde ikkje vore her i Bergen og i Brann om det ikkje vore for Hødd og det eg var med på der. Eg har mykje å takke Hødd for, seier han.
Nilsen er førebudd på å møte eit Hødd-lag som er svært motiverte for å ta sigeren heim til Ulsteinvik.
– Eg forventar ein tøff kamp mot eit lag som må vinne. Vi stiller med det beste laget vi har og er innstilt på å spele ein god kamp. Sjølv om resultatet ikkje har noko å seie for vår plass på tabellen, er det viktig å avslutte på topp, seier hovudtrenaren i Brann.
- Les også:
– Sindre har gjort ein fenomenal jobb
Nilsen fortel at det også vil bli spesielt å møte tidlegare kollega og hovudtrenar i Hødd, Sindre Eid, under søndagens kamp. Eid var assistenttrenar i Hødd i fire sesongar, då Lars Arne Nilsen trente Hødd, og tok over trenaransvaret i klubben ved starten av 2014-sesongen.
Nilsen og Sindre Eid, hovudtrenar i Hødd, jobba saman i Hødd i ei årerekke og er framleis gode kameratar.
Foto: Hans-Olav Rise / NRK– Vi er gode kameratar og har jobba tett saman i ei årerekke. Men akkurat under kampen må vi nok legge vennskapet til side og fokusere på den, seier Nilsen.
Tidlegare denne veka vart det kjent at Sindre Eid gir seg som hovudtrenar i Hødd etter denne sesongen. Nilsen meiner det er eit tap for klubben.
– Eg har full forståing for det valet han har tatt, men Sindre har gjort ein fenomenal jobb i Hødd, så det er synd for klubben at han sluttar, seier han.
Eid går no tilbake til å jobbe i marknadsavdelinga i Hødd, men Nilsen håpar likevel at han vil returnere til jobben som trenar i framtida.
– Det å vere trenar er ein tøff jobb og det krev mykje. Difor er det både viktig og nødvendig og ta ei pause for å samle krefter. Gamle travarar som oss greier aldri å gi oss heilt, så eg håpar han kjem tilbake, seier Nilsen lattermild.