Hopp til innhold

Sindre Eid sluttar som Hødd-trenar - vil bruke meir tid med familien

Sindre Eid (40) sluttar som Hødd-trenar, og seier han aldri har hatt ein skikkeleg sommarferie som vaksen. No ser han også for seg meir hytteliv og skigåing.

Sindre Eid

Sindre Eid sluttar som hovudtrenar for Hødd.

Foto: Hans-Olav Landsverk

Sindre Eid starta som hovudtrenar i Hødd ved starten av 2014-sesongen. Etter snart to år i rolla, sluttar han no og kjempa med tårene då han tysdag gav seg.

Det kjennes veldig rett å gje seg no, sa han medan han takka spelarane, Blåsarane, trenarteam, administrasjon og familien sin.

– Belastande å vere hovudtrenar

Sindre Eid t.v. og styreleiar Bård Dalen

Det var ein gråtkvalt Sindre Eid som tysdag ettermiddag bad om avløysinig som Hødd-trenar. Til høgre styreleiar Bård Dalen.

Foto: Hans-Olav Landsverk

Han grunngav beslutninga med at tida no var inne. Eid er far til to, og seier han ser fram til å vere meir saman med dei, stå på ski og reise på ferie. Han fortalte tysdag ettermiddag at han ikkje har hatt ein einaste skikkeleg sommarferie som vaksen.

Det er belastande å vere hovudtrenar, noko slikt gjer du ikkje halvveges. Det er intenst og altoppslukande, sa Eid sjølv på pressekonferansen tysdag.

Trur ikkje tidspunktet er negativt

Han la til at han er stolt over det laget har fått til, og er ikkje redd for at tidspunktet skal påvirke Hødd negativt.

– Tvert om trur eg kanskje spelarane får meir energi framfor den viktige kampen mot Brann, sa han tysdag ettermiddag.

Håpte å skrive kontrakt

Hødd

Hødd ligg no på 6.plass på tabellen i 1. divisjon.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Hødd har håpt å skrive ny kontrakt med trenar Sindre Eid i løpet av kort tid, det skreiv Sunnmørsposten nyleg. Tysdag blei det altså ikkje noko av.

– Sindre har gjort ein god jobb i 2015, kvitterte styreleiar Bård Dalen.

Hødd ligg no på 6. plass på tabellen, og kjempar om ein kvalifiseringsplass til eliteserien. Når dei søndag møter Brann borte, er det altså med vissa om at Eid ikkje held fram som hovudtrenar.

Men vi skal fullføre kampen mot Brann, eg har fullt fokus på det, sa han.

Lang fotballkarriere

Pressekonferanse i Ulstein

Hødd kalla inn til pressekonferanse i Ulsteinvik tysdag klokka 15.30.

Foto: Hans-Olav Landsverk

Eid har vore assistenttrenar i Hødd i fire sesongar, då Lars Arne Nilsen trente Hødd. 40-åringen starta fotballkarrieren i Langevåg, og flytta til Ulsteinvik for å studere. Han har spelt for Hødd, Molde og Haugesund, og har fleire aldersbestemte landskampar.

- Det kjennes rett og godt å takke for seg no, sa han medan han takka familien sin.

Ifølgje dagleg leiar Andre Nevstad blei spelarane orienterte tysdag ettermiddag.

Vi er blitt veldig glad i han, han har jobba knallhardt, seier Nevstad.

Sindre Eid går no tilbake til marknadsavdelinga i Hødd.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL