Hopp til innhold

Har observert varebil på to av innbrotsstadane

Åtte innbrot er registrert på Sunnmøre i påska. Ein lys varebil er sett både på Hareid og Ellingsøya. No ber politiet om tips.

Robert Hjelmeseth

Robert Hjelmeseth er etterforskingsleiar.

Foto: Øyvind Sæbjørnsen / NRK

I løpet av påska har det vore åtte innbrot i Haram, Skodje, Ålesund og Hareid. Ein familie på Ellingsøya i Ålesund fekk fråstole verdiar for rundt 100.000 kroner. Mykje sølvtøy var vekk, i tillegg til smykke og klokker. Også frå dei andre husa er det sølvtøy, smykke, bunadsølv, alkohol og verdigjenstandar tjuvane har vore ute etter.

Politiet har observasjon av ein lysvarebil i Melshornvegen på Hareid kvelden før innbrotet vart oppdaga. Ein liknande bil er sett på Ellingsøya i palmehelga.

– Vi veit ikkje om det er same bil, men dersom folk har opplysningar om mistenkelege køyretøy eller folk, vil vi gjerne kome i kontakt med dei, seier etterforskingsleiar Robert Hjelmeseth ved Ålesund politistasjon.

Politiet ynskjer også tips dersom folk får tilbod om å kjøpe desse type gjenstandar.

Så langt har dei ingen mistenkte i saka.

– Det opplevast krenkande å få ubedne folk inn i husa sine. For å vareta tryggleiken til folk er det viktig for oss å etterforske desse sakene, seier Hjelmeseth.

Her har det vore innbrot:

  • Hareid (2)
  • Hjørungavåg
  • Ellingsøya
  • Vatne
  • Skodje
  • Valle

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL