Hopp til innhold

Gull-Warholm møtt med hyllest

Etter VM-gullet i åttekamp førre torsdag har Karsten Warholm blitt hylla av eit samla friidretts-Noreg. Måndag morgon fekk han derimot den varmaste hyllesta, då lagkameratane venta på flyplassen.

Karsten Warholm

Karsten Warholm landa på Ørsta-Volda lufthamn, Hovden måndag formiddag. Der venta spente venner og lagkameratar med blomster, flagg, kake og lovord.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Karsten Warholm

Leiar i Dimna IL, Olav Hansen, var blant dei som tok imot gullvinnaren.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Over to dagar overbeviste 17 år gamle Karsten Warholm totalt. Seks personlege rekordar over åtte øvingar resulterte i eit suverent VM-gull i åttekamp under U18-VM i Donetsk.

Fire dagar seinare landa han endeleg på Sunnmøre. På flyplassen blei han møtt av lagkameratar gjennom mange år, Ulstein-ordføraren og norske flagg.

– Det følest ganske OK, gliste Warholm like etter ankomst på Hovden lufthamn.

17-åringen frå Ulsteinvik var svært blid, men minst like trøytt då han entra hallen på flyplassen til stormande jubel.

– Eg er svært trøytt, ja. Eg sov med kleda på i natt. Det blei seint heim i går, og tidleg opp i dag.

Warholm

Karsten Warholm og trenar Arve Hatløy fekk mykje å juble for under U18-VM i Donetsk, Ukraina.

Foto: Privat

– Spelar inga rolle kvar ein kjem frå

På flyplassen venta over 30 lagkameratar og støttespelarar frå Dimna IL, klubben Warholm har trena i og konkurrert for gjennom heile friidrettskarrieren så langt.

– Ein supergjeng, dette set eg utruleg stor pris på. Det viser berre kor bra miljøet er i Dimna, sa Warholm.

At han faktisk har vunne VM-gull har ikkje sokke heilt inn enno, sa han til NRK. At det kunne bli gull fekk han trua på etter første konkurransedag.

– Eg fekk naturlegvis trua då alt klaffa første dagen, og eg fekk resultata eg ville.

Trenar gjennom alle år for Warholm, Arve Hatløy, var med ringside i Ukraina. Heime sat lagkameratar, slekt og fans og heia. At han kjem frå ein liten stad på Sunnmøre, og har vore i ein liten friidrettsklubb, meiner 17-åringen har lite å seie.

– Det fungerer på same måten alle stadar. Ein må trene og jobbe hardt, og ha eit talent. Det spelar inga rolla kvar ein kjem frå – så lenge ein har støtteapparatet ein treng.

Warholm og Mork

Her er Karsten Warholm og Kristian Mork saman i svært ung friidrettsalder.

Foto: Privat

Grufullt å ikkje vere på stadion

For Warholm har støtteapparatet frå ung alder vore familie og den samansveisa gjengen i Dimna IL. Seinare har det blitt sentral oppfølging i tillegg.

Éin av dei som har følgt VM-vinnaren sidan nærast dag éin er Kristian Mork, både lagkamerat og bestekamerat.

– No er eg veldig spent, og eg gler meg til å sjå han, gratulere han og høyre korleis han har hatt det, sa Mork like før Warholm landa på Sunnmøre.

Mork oppdaterte seg gjennom resultatlister, nokre direktestreamar og opptak i etterkant under U18-VM.

– Vanlegvis er eg med overalt på stemner, og det har vore heilt grufullt å sitje heime og følgje med. Det er mykje betre der sjølv.

– Kva tenkjer du om at han har teke VM-gull då?

– Nei, det overraskar meg ikkje så veldig eigentleg. Han er heilt rå, så ein kunne vel nesten forvente det, nikka kameraten.

Saka held fram under bildet.

Warholm

Karsten Warholm har blitt drege fram som eitt av dei største friidrettstalenta i Noreg.

Foto: Arve Hatløy
Vebjørn Rodal

Vebjørn Rodal er mellom dei som har hylla Warholm i etterkant av VM-gullet.

Foto: Johansen, Erik / Scanpix

Audmjuk etter lovord

I etterkant av VM-gullet har både friidrettsekspertar og tidlegare friidrettsstjerner hylla Warholm. Mellom dei er OL-gullvinnar Vebjørn Rodal.

– Han har ei allsidigheit som er merkverdig. Karsten er utvilsamt eitt av tidenes norske friidrettstalent. Potensialet er utruleg, sa Rodal fredag.

17-åringen frå Ulsteinvik blir samanlikna med svenske Karolina Klüft, som var suveren på kvinnesida i sjukamp, for nokre år sidan. Både no og tidlegare har Warholm blitt sett på som eit OL-håp for framtida.

At han blir omtalt som eitt av dei største friidrettshåpa har ikkje gått den unge sunnmøringen hus forbi.

– Eg set ufatteleg stor pris på det, og det er utruleg kjekt å høyre. Eg skal jobbe knallhardt framover, og så får tida vise. Det blir spennande.

I tida framover blir det første nokre rolege dagar, før det blir trening og vanlege rutinar inn mot nye konkurransar. Men heilt først:

– No først skal eg heim for å sove. Det er planen, smilte ein trøytt og fornøgd Warholm.

Warholm og lagkameratane

Her er Karsten Warholm saman med ein del av lagkameratane i Dimna IL.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL