– Kan bli framtidas OL-stjerne

Idrettslaget Dimna tok nyleg 9 gull, 3 sølv og 2 bronse i UM, Noregsmeisterskapen for ungdom. – Fleire av utøvarane kan komme til OL, meiner trenar Arve Hatløy.

Dimna idrettslag i Ulstein har dei sju siste åra teke 100 meisterskapsmedaljar i friidrett. Seinast no i ungdoms-NM tok det driftige laget med 120 aktive 14 medaljar og dei grønkledde ungdomane satsar friskt vidare.

Idrettslaget Dimna er blant landets beste og fleire utøvarar kan kome til OL, meiner trenaren.

Klubben i Ulsteinvik på Søre Sunnmøre er blant landets beste, og gutane og jentene i dei karakteristiske grøne draktene trenar ivrig både morgon og kveld.

Karsten Warholm

Karsten Warholm har imponert og tok sju gull under UM 2012.

Foto: Arve Hatløy

Den fremste av det imponerande Dimna-mannskapet er Karsten Warholm, som tok sju av gulla under UM 2012. Han har hatt ei god utvikling dei siste to åra.

– Målet er å fortsette den gode framgangen. Det kan bli vanskeleg, men eg skal i alle fall stå på og ta fleire gull og sette nye personlege rekordar.

Trass i at friidrett først og fremst er ein individuell sport, meiner Warholm at det er avgjerande for gode resultat å ha eit godt miljø i klubben.

– Når ein er på bana, så tenkjer ein stort sett berre på seg sjølv, men på trening og turar held vi i lag. Det er med å motivere oss til å stå på vidare, at ein har støtte rundt seg, seier han.


100 NM-medaljar

Dimna IL har markert seg sterkare og sterkare i ulike meisterskap dei siste åra. Troppen under junior-NM tok imponerande 10 medaljar.

Denne sesongen har vore den aller beste med stor medaljefangst både i junior NM og NM for ungdom (UM). Under junior NM vart Dimna 3. beste klubb medan dei gjekk heilt til topps på medaljestatistikken for UM.

Frå 2005 til 2012 har klubben tatt 100 meisterskapsmedaljar. Av desse er 42 gull, 34 sølv og 24 bronse.

Fram til 2005 hadde Dimna IL tatt "berre" 3 meisterskapsmedaljar. Jan Ove Ertesvåg i høgde utan tilløp (junior) og Andre Sævik to gull på 100 m og lengde i UM.

Artikkelen held fram under biletet

Får skryt av utøvarane

Arve Hatløy har brukt mykje tid på å oppfostre talent.

Foto: Arne Flatin

Tidkrevjande

Arve Hatløy har vore i klubben lenge. Faktisk heilt sidan 1975, då han sjølv var utøvar. I mange år har han vore trenar og brukt mykje tid på å oppfostre talenta. Difor er suksessen ekstra sterk for han.

– Det er utruleg kjekt å oppleve den store framgangen vi har hatt dei to-tre siste åra. Med utøvarar som hevdar seg godt i landstoppen. Det er godt miljø rundt treningane, det er det aller viktigaste. Slik får vi fram nye talent heile vegen, seier Hatløy.

Kva har de gjort for å kome i den posisjonen de er i no?

– Det er eit langsiktig arbeid. Vi byrja allereie i 1975. Vi har hattt god kontinuitet på leiarar og trenarar opp gjennom åra, som har vore viktig for resultata.

Rekrutterer stadig nye utøvarar

Dimna IL har rundt 120 aktive utøvarar. Her er nokre av dei yngste frå Dimnaløpet 2011.

Foto: Dimna IL

Rekordmange utøvarar

Før bestod Dimna IL av folk frå Dimna, ein del av Ulstein kommune. No har dei eit idrettslag for heile kommunen, faktisk har folk frå Herøy og Hareid og kome til i gjengen.

– Vi har hatt ein veldig stor framgang, og har fått veldig mange nye utøvarar i det siste. No har vi rundt 120 aktive i klubben.

Kva må til for at klubben sine beste utøvarar skal kome opp på eit godt seniornivå?

– Dei må vere tolmodige og trene godt. Halde seg skadefri og trene mykje. Det trur eg fleire av dei er veldig motivert til. Vi må på same tid ha fasilitetane på plass. Med nye Ulsteinhallen og Høddvoll har vi det vi treng.

Kor langt kan dei beste nå?

– Dei kan nå veldig langt, fleire av dei kan kome seg til OL. Karsten er jo den beste lengdehopparen i Europa og den tredje beste i verda i si årsklasse, så han har jo moglegheita til å nå langt.

Takkar trenaren

Karsten Warholm trekkjer fram trenaren som ei av årsakene til Dimna-suksessen.

– Eg vil takke Arve for all hjelp vi har fått, vi hadde ikkje klart desse resultata utan han. Det er veldig viktig å ha slike trenarar om ein skal nå toppen, seier Karsten Warholm om trenaren sin.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.