I flytårnet på Vigra sit sjef-flygeleiar Thoril Presterud og har ansvaret for to fly som er klare for take off. I det mørke rommet med blinkande skjermar, er det mange viktige beskjedar som blir gitt. Dei to flya tar av etter tur og er heilt i rute. I morgontimane var det berre ein av ni avgangar frå Vigra som vart forseinka på grunn av dei nye innflygingsrutinane for Midt- og Vest-Noreg.
– Dette er eit luftromprosjekt som skal auke kapasiteten i luftrommet med tanke på veksten i flytrafikken i åra framover, seier Presterud.
LES OGSÅ:
Fleire måtte flytte
16 flyplassar får endra inn- og utflygingsruter. Nokre av dei får heilt nye ruter. I natt vart dei operative systema, som radar og kommunikasjon i flytårna oppdatert.
Innflygingskontrollen på Vigra og i Kvernberget er flytta til Værnes. Til saman ni flygeleiarar frå dei to flyplassane har dermed fått ny arbeidsstad.
– Dersom vi hadde fått bestemt ville vi gjerne ha drive det herifrå, seier Presterud.
Små konsekvensar
For passasjerane i Møre og Romsdal har omlegginga så langt i dag ikkje fått dei store konsekvensane. På Vigra vart eit fly til Bergen 45 minutt forseinka i dag tidleg. Også ved Ørsta Volda lufthamn var morgonflyet forseinka. Lufthamnsjef på Vigra, Tor Hånde, seier at dei var budde på forseinkingar, men at det så langt har gått veldig bra.
– Etter kvart som flygeleiarane blir meir vande til dei nye systema, blir det nok betra kapasitet og ein kan auke talet på fly i lufta, seier Hånde.