Hopp til innhold

– Vi hadde følelsen av å kunne flyge, vi kunne slå kven som helst

I 1999 kvalifiserte Molde seg til Champions League, midt i Rosenborg-æraen. Mallorca og CSKA Moskva blei slått i kvalifiseringa. Real Madrid vitja Molde stadion. No håper Knut Anders Fostervold på eit nytt eventyr.

Knut Anders Fostervold

Knut Anders Fostervold var både spelar, kaptein og midtstoppar i Molde mellom 1994 og 2002. I 1999 var han ein av dei sentrale spelarane i Molde sitt første Champions League-eventyr. Han håper på eit nytt eventyr for Molde i år. Her er han avbilda under eit intervju før Molde sin kamp mot Porto i 99'.

Foto: Herskedal, Kjell / NTB scanpix

Mellom 1995 og 2008 kvalifiserte Rosenborg seg til Champions League heile 11 gonger.

Knut Anders Fostervold

Knut Anders Fostervold var sentral då Molde tok seg til Champions League i 1999. Her er han i aksjon mot Real Madrid i gruppespelet.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

I 1999 var Rosenborg direktekvalifisert, og Noreg var så høgt ranka at eit lag nummer to fekk moglegheita til å kvalifisere seg til Champions League.

Den moglegheita greip Molde, frå vesle Molde by, med begge hender, føter og heile munnen.

Først blei CSKA Moskva slått 4–2 over to kampar, før då veldig store Mallorca blei slått ut på bortemålsregelen.

– Skuldrene våre var veldig låge. Vi gjekk på banen for å ha det artig, rett og slett.

Det seier Knut Anders Fostervold. Han var kaptein for Molde gjennom mange år, og spelte klubbfotball for blåtrøyene i åtte år.

Saman med mellom andre Morten Bakke, Jo Tessem, Karl Oskar Fjørtoft og Daniel Berg Hestad fekk han prøve seg mot dei aller beste i verda i 99'.

Knut Anders Fostervold

Knut Anders Fostervold har mange gode minne frå fotballbana.

Foto: Håkon Larsen / SCANPIX

– Ingen forventa nok av oss

– Eg hugsar heile laget hadde følelsen av å kunne flyge.

– Vi følte at vi kunne slå kven som helst, både i kvalifiseringa til Champions League og i Champions League-kampane, mimrar Fostervold.

I gruppespelet imponerte det då veldig ukjende laget Molde. Likevel blei det berre tre poeng og jumboplass. Einaste siger kom mot Olympiakos på Molde stadion.

– Vi spelte på same måte mot alle lag. Alt fungerte godt på den tida, og vi var trygge på oss sjølve. Vi hadde ikkje noko forventningspress på oss, fortel den tidlegare Molde-midtstopparen.

No er situasjonen den same på ny.

Molde var underdog frå første sekund det blei klart at sveitsiske Basel var motstandar i tredje kvalifiseringsrunde til Champions League.

Med tap 0–1 på heimebane er ikkje underdog-stempelet noko mindre.

Saka held fram under bildet.

Davy Claude Angan

Eit særs unødvendig raudt kort, som Davy Claude Angan fekk for slag mot ansiktet, gjorde det første oppgjeret mot Basel vanskeleg. Det enda i tap 0–1.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix
Basel - Manchester United

I fjor slo Basel ut storlaget Manchester United i gruppespelet i Champions League.

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

Skjebnesvangert raudt kort?

Prestasjonen heime mot Basel var derimot sterk. Tap 0–1 mot laget som slo ut Manchester United frå Champions League i fjor er ikkje elendig.

Spesielt når over to tredjedelar av kampen blei spelt med éin mann mindre.

– Molde var veldig solid. Eg meiner heilt klart at vi hadde vunne kampen om vi hadde hatt 11 mann på banen i 90 minutt. Det er utruleg synd at vi gjekk glipp av sigeren vi hadde fortent, seier Fostervold.

Det var Davy Claude Angan som blei utvist, etter eit klaps mot ansiktet til ein motspelar.

– Det kan bli eit bittert og avgjerande raudt kort?

– Ja, det er heilt forferdeleg bittert. Det er sjeldan ein får slike moglegheiter, og mot Basel heime fekk vi det på gullfat.

– Molde kunne reist til Sveits og satsa på for eksempel 0–0. Det hadde vore heilt fantastisk, men slik er det ikkje, slår Fostervold fast.

Fostervold vs. Carew

Her er Knut Anders Fostervold i duell med dåverande Rosenborg-spelar John Carew.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Solskjær kan å motivere

Utgangspunktet er dårleg, men Fostervold har trua.

– Det blir ein heilt anna fotballkamp. Basel er eit typisk europeisk lag som satsar på heimekampen. Det blir tøffare enn i førre veke.

Den tidlegare Molde-kapteinen meiner Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær er ein nøkkel for eit mogleg avansement.

– Ole Gunnar kan å motivere. Han er dyktig til å fortelje at ting er mogleg, og når han har trua så har alle rundt trua på at dette kan gå.

– Eg og Molde har vist at dette er mogleg før. Vi slo Mallorca over to kampar, og Basel er eit svakare lag enn det Mallorca var den gongen, seier Fostervold offensivt.

Daniel Berg Hestad

Tidenes Molde-ringrev, Daniel Berg Hestad, får mykje skryt av tidlegare lagkamerat Knut Anders Fostervold.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Lovprisar dei rutinerte

Solskjær får, nærmast sjølvsagt, skryt. Det gjer to spelarar òg. Rutinerte Magne Hoseth og veldig rutinerte Daniel Berg Hestad blir viktige, trur Fostervold.

– Alle såg Daniel i sist kamp. Han har ikkje spelt like mykje Tippeliga som før, men mot Basel var han toneangivande.

– Han slo seg laus og viste at erfaring er viktig på dette nivået. Daniel imponerte meg stort i heimekampen, og om Magne, som var skadd då, får moglegheita så veit eg at han tek sjansen, seier Fostervold til NRK.no.

Både Hoseth og Hestad var med i 1999.

– Eg håper viljen til desse to smittar over på resten av laget.

For mange i dagens Molde-lag er utan erfaring frå så store kampar.

– Kva er ditt råd til unge, erfarne spelarar på dette nivået?

– Grip moglegheita, ha det artig og tenk på det som eit eventyr. Samtidig må ein ta dei få moglegheitene ein får, for Basel gjev nok ikkje vekk mykje på heimebane!

Håper eit eventuelt tap ikkje fører til samanbrot

– I tillegg er det ein fordel at ingen forventar Molde vidare no. Det er noko av grunnen til optimismen.

– Molde har klart det før, Rosenborg har klart det mange gonger før. Då skal det vere fullt mogleg igjen?

– Ja, der har du det. ALT er mogleg. Vi kan ikkje gå med halen mellom beina og vere forsiktige når ein kan ta skalpar som dette, humrar Fostervold.

Likevel er sannsynet ikkje enormt. I det siste har Molde hatt det tøft i Tippeligaen, samtidig som det står igjen kampar i NM.

– Dersom det no ikkje blir Champions League på Molde. Trur du det vil slå negativt ut i Tippeligaen?

– Eg håper ikkje det. Samtidig er det lett å senke seg litt og miste guts når ein blir slått ut av ei turnering ein har drøymt om lenge.

– Fleire spelarar har kome til Molde for å spele Champions League, og ein skal aldri undervurdere det mentale oppe i dette. Likevel, eg trur det eventuelt vil gå bra.

– Men no er fokus på å gå vidare i Champions League, avsluttar Fostervold, som tippar 2-1-siger til Molde. Han trur Magne Hoseth kjem inn og avgjer, medan Vegard Forren scorar det første målet etter dødball.

Dersom Molde klarer bragda å slå Basel på bortebane, står igjen det «berre» to play-off-kampar. Dei går 21./22. august og 28./29. august.

Fostervold vs. Sørensen

Knut Anders Fostervold har spelt mykje fotball, men måtte gi seg etter skade. I etterkant har han imponert i sykkelsporten. Her er han i duell mot Rosenborg-spelar Jan Derek Sørensen.

Foto: NED ALLEY / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL