Hopp til innhold

– Basel er sjølvsagt favoritt

Eit unødvendig raudt kort enda i tap 0–1 for Molde mot Basel sist onsdag. Det har gjort sjansen for Champions League langt mindre. – Men der er moglegheiter, seier Ole Gunnar Solskjær.

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær er veldig optimistisk før returoppgjeret i tredje kvalifiseringsrunde til Champions League. Kampen går i Sveits, der Basel står på motsett banehalvdel.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Basel var inga draumetrekning for Molde. I fjor slo den sveitsiske meisteren ut mellom anna Manchester United frå Champions League.

Likevel; utan eit unødvendig raudt kort på Aker Stadion førre onsdag, kunne Molde fort hatt eit glimrande utgangspunkt før returoppgjeret i Sveits.

For då Molde-spiss Davy Claude Angan fekk raudt kort etter berre 25 minutt, såg det mørkt ut for Molde.

Basel klarte derimot ikkje å utnytte fordelen til fulle, og ved full tid stod det 0–1. Før returoppgjeret i Sveits onsdag er Solskjær veldig tydeleg.

– Der er moglegheiter, men Basel er sjølvsagt favoritt når dei slo oss her i Molde.

Solskjær

Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær har mykje erfaring frå Champions League. Mot Basel onsdag trur han den første scoringa blir livsviktig.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Fekk «boost» etter Sogndal-siger

Vi møtte Ole Gunnar Solskjær på siste Molde-trening før avreise. Etter tre Tippeliga-poeng, etter 2–1 mot Sogndal, i helga er stemninga i gruppa på topp.

– Det var viktig med tre poeng mot Sogndal etter tapet mot Basel. Vi spelte godt, men tapte mot Basel, sa Solskjær måndag.

No håper han på ein fantastisk fotballkamp i Sveits.

– Vi gler oss til å spele på ein stor stadion, mot eit godt lag.

– Det er slik fotball skal vere, slo Molde-trenaren fast.

– Vi må score først

Dette er tredje kvalifiseringsrunde til Champions League. Molde gjekk rett inn i andre kvalifiseringsrunde, der dei slo latviske Ventspils over to kampar.

Sjølv med siger over Basel er vegen lang. No er derimot tankane på å overraske i Sveits.

– Vi må ut og score først. Då fører vi plutseleg kampen, og dei må score to mål for kvart påfølgjande mål vi scorar.

– Vi skal enkelt og greitt gå offensivt ut, avslutta Solskjær.

Kampen mot Basel går onsdag og startar klokka 20.00.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL