Folkehøgskulane har ingen søknadsfrist, men opptaket startar 1. februar. Søkjarar kan dermed søkje heilt fram til skulestart – så sant det er plass.
– Dei siste ti åra har det vore ei markant stigning som no har stabilisert seg på eit høgt nivå, seier Marit Asheim som er informasjonskonsulent på Informasjonskontor for kristen folkehøgskule.
Per 1. mars hadde 4029 elevar takka ja til plass på folkehøgskule for neste skuleår. På landsbasis er det ein oppgang på 3,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Asheim trur oppgangen har ein samanheng med fleire og større krav i grunnskulen og på vidaregåande.
– Vi ser at det er fleire som treng pause etter 13 års skulegang. Det er mange krav som stillast til elevane, og folkehøgskulane er ei motvekt til det. Vi har ikkje karakterar, praktisk læring, ikkje bestemte læringsmål eller pensumkrav. Det trekkjer til seg fleire.
- Les også:
9,6 prosent auke
For dei seks folkehøgskulane i Møre og Romsdal har oppgangen vore på heile 9,6 prosent. 1. april kjem nye tal og framgangen er då forventa å auke endå meir.
– Vi er veldig fornøgde, seier rektor Odd Stenvåg ved Møre folkehøgskule i Ørsta som har nær 14 prosent fleire søkjarar enn i fjor. Til no har over 200 søkt seg til skulen medan 66 elevar har blitt bekrefta. Det er 10–12 fleire enn på same tid i fjor.
– Skulen er stappfull og vi må vurdere å utvide. Tidlegare var vi ikkje ein skule som fort fylte seg opp, men no har vi blitt det, legg rektoren til.
Austlendingane kjem
Parallelt med fleire søkjarar har Stenvåg også merka seg at det kjem fleire søkjarar frå Austlandet.
– Elevane kjem i større grad frå det sentrale Austlandet med postkodar som begynner på 0 og 1, seier han.
For nokre år sidan såg ikkje bildet slik ut. Då var det skulane på Austlandet som var mest populære, medan dei i Nord-Noreg hadde få søkjarar. No har dette blitt snudd opp ned.
I år er framgangen heilt klart størst i Nord-Noreg med 10 prosent, medan Vestlandet også har ein samla sterk auke på 5,7 prosent i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland.
– For vår del kan det ha ein samanheng med at vi er eksotiske med puddersnø og fjordar. Til dømes var det friluftslinjene auka mest i fjor, seier Stenvåg.
- Les også:
Færre lokale søkjarar
Rektorkollega Sven Wågen Sæther på Borgund folkehøgskule i Ålesund har også merka seg endringar i søkjarmassen.
–Før var det mange lokale søkjarar, men det har endra seg. No kjem dei frå heile landet, og fleire enn før frå Austlandet, seier Sæther.
Han trur endringa kjem som følgje av at folkehøgskulane har profilert seg sterkare enn før mot Oslo-gryta.
– Det har blant anna vore annonsar i Aftenposten, og eg trur vi no begynner å sjå effekten av det. Vi har ein flott oppgang i forhold til i fjor, og reknar med å fylle opp plassane raskare.
Jamnare kjønnsfordeling
Også på Nordmøre folkehøgskule i Surnadal fyller dei no opp plassane raskare enn i fjor.
– Vi ligg ein månad framføre skjema samanlikna med i fjor. Vi må blant anna setje strek for inntaket på filmlinja allereie no og snart er også taekwondolinja full, seier rektor Kristian Lund Silseth.
Medan den nasjonale trenden er at det vert fleire gutar blant elevane, kan rektoren fortelje at det er motsett utvikling i Surnadal.
– Vi har tidlegare hatt flest gutar, men det vi kan sjå av året er at det no jamnar seg ut, seier han.
Går mot nytt rekordår
Den same tendensen gjeld for Molde Folkehøgskule som no har ei jamn fordeling av gutar og jenter på søkjarlistene sine.
–Det er mange søknadar. Vi hadde rekordår i fjor og per 19. mars er vi faktisk oppe i dei same tala. Det går heilt klart mot ei tangering av fjorårets rekord, seier rektor Helge Kjøll Jr.