Hopp til innhold

Trailer med 20 tonn fisk i elva på glatta

Eit vogntog med 20 tonn fisk hamna utfor vegen og i elva med heile frontpartiet. Ifølgje politiet har det vore fleire utforkøyringar natt til laurdag.

Vogntog utfor vegen i Rauma

Eit vogntog hamna utfor vegen og med fronten i elva ved Måndalen i Rauma natt til laurdag.

Foto: Joakim Nilsen

Brannvesenet forsøkjer laurdag morgon å få vogntoget opp frå grøfta i Rauma.

Laster Twitter-innhold

Åndalsnes Avis har snakka med føraren, som frykta det verste då han hamna utfor vegen med 20 tonn fisk.

Fleire som avisa har snakka med meiner ulykkesstaden er svært farleg, og seier dei fryktar ei alvorleg ulykke før noko skjer.

Fleire utforkøyringar

Det første snøfallet har skapt utfordringar for mange bilistar. Fredag var det mange bilistar som fekk problem på glatta, natt til laurdag heldt det fram.

Ved Måndalen i Rauma køyrde eit vogntog med fisk av vegen klokka 2.45.

Bilen hamna i elva med fronten, seier operatør Magnus Sæther ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Føraren skal ha kome uskadd frå utforkøyringa, og ifølgje poltiet ligg ikkje bilen til hinder for trafikken.

Køyrde ned trafikklys

Også ved Skjelvika i Eide køyrde ein bil av vegen og inn i ein lyktestolpe klokka 3.39. Sjåføren stakk ifølgje politiet av. Omtrent samstundes køyrde ein tenåring ned eit trafikklys ved Løkkemyra i Kristiansund, og blir meld for aktlaus køyring.

Tidleg på kvelden melde politiet via Twitter at det hadde vore fleire mindre trafikkuhell utan personskade, men at fleire bilar hamna i grøfta på det glatte føret.

Laster Twitter-innhold

Snøbygene held fram

Ifølgje meteorologisk institutt blir det snø også laurdag. Det er venta for det meste nordleg, periodevis frisk bris på kysten. Skya og snøbyer.

Den første snøen brukar ikkje å bli liggande særleg lenge, så forhåpentlegvis blir det ikkje glatt så lenge, seier Sæther.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL