Hopp til innhold

Fenerbahce sterkast i Molde

Molde måtte sjå seg slått av gjestane frå Tyrkia under europaligakampen torsdag kveld. .

Molde - Fenerbahce

Fenebahce tok over kampen utover i andre omgang.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Då laga møttest i Instabul tidlegare i haust, kom Molde heime med 3-1-siger i bagasjen. Like bra gjekk det ikkje på heimebane, der både Fernanadao og Tufan lurte ballen i mål bak heimelaget sin keeper i andre omgang.

MFK sin Knut Olav Rindarøy fekk raudt kort etter ei takling av ein motspelar, også det i slutten av andre omgang.

Har sikra seg vidare spel

Det var lite som stod på spel for MFK før kampen i dag. Dei har alt sikra seg avansement frå gruppespelet, men greidde altså ikkje å sikre gruppesiger torsdag. Fenerbahçe kan gå forbi Molde med siger i dei to siste kampane, dersom Molde også tapar sine kampar.

Vinnaren av gruppa møter det som er rekna som svakare motstand i sluttspelet, og det er difor viktig å vinne gruppa.

400 tyrkiske fotballfans på plass

Fenerbahce hadde god støtte på tribunen av dei vel 400 supporterane som hadde tatt turen til Molde. Det var på førehand spekulert i om det kunne bli uro rundt kampen, etter at Fenerbahce-supporterar skal ha laga uro i Amsterdam i samband med kampen mot Ajax.

Molde Fotballklubb frykta ikkje uro, og det er heller ikkje meldt om særskilde hendingar før eller under kampen torsdag.

Møter Ajax om to veker

Den siste kampen i gruppespelet for MFK er returkampen mot Ajax 10. desember. Molde sikra 1-1 på heimebane mot laget frå Amsterdam i oktober.