Hopp til innhold

Dotrøbbel i Geiranger

Heile sju cruiseskip la til kai i Geiranger onsdag. Det skapte lang dokø. Kommunen meiner fleire toalett må på plass, men vil ikkje betale rekninga åleine.

Dokø i Geiranger

Køa til toaletta blei svært lang då sju båtlass med turister ankom Geiranger onsdag.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Mangel på toalett blei eit skår i gleda for mange av dei besøkande i Geirangerfjorden onsdag. I løpet av dagen la heile sju cruiseskip til kai i staden for dei vanlige tre eller fire, noko som skapte stor aktivitet både på land og fjord - og foran toaletta. Dei lange køane blei ein dempar på humøret for fleire av dei tilreisande.

– Det er et problem av vi må vente, eg veit ikkje kor lenge. Dei treng betre dofasiliteter i Geiranger. Er det noko måte å fikse det på?, spurte Larry Gensburgh frå dokøa.


Les også: Cruise-rekord skapte toalettkø

Geiranger

Stor aktivitet både til lands og til vanns fekk konsekvensar for tilgangen på fasilitetar i Geiranger.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Må ta grep

Rådmann Kjartan Lid er enig i at noko må gjerast med mangelen på toalett, og seier kommunen her må være raskt ute for å ta grep. Han syns imidlertid ikkje at det er kommunen åleine som skal ha alt ansvar i denne saka, men at fleire aktører bør gå saman om ei løsning for dei dotrengte turistane.

– Her er en del praktiske problemer som plassering og øknomiske spørsmål, sier han.

– Ein ide hadde vært å få inn mobile toalett som vi kan ta fram når behovet er størst. Det er iallefall ei bedre løsning enn slik det er no.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL