Hopp til innhold

Dømt for bruk og handel av narkotika

Ein mann i 30-åra er dømt for å ha kjøpt, oppbevart, selt, og å ha brukt narkotika. I staden for eit års fengsel vart dommen på 360 timar samfunnsstraff.

Nordmøre tingrett

DØMT: Ein mann i 30-åra er i Nordmøre tingrett dømt til 360 timar samfunsstraff.

Foto: Hansen, Bjørn / NTB scanpix

Mannen er i Nordmøre tingrett dømt for tidlegare i år å skaffe seg rundt 130 gram amfetamin og 100 gram hasj, og skal seinare ha oppbevart dette. Han skal kort tid etter ha selt 20 gram amfetamin og 30 gram hasj.

Tollen stoppa også ei pakke som mannen hadde bestilt før på året, og denne inneheldt fem tablettar ecstasy. Pakka var sendt frå Tyskland, og mannen hadde bestilt tablettane over internett.

I tillegg er mannen dømt for året før å ha bestilt 100 tablettar Flubromazepam frå England. Også denne pakka vart stoppa i tollen.

Mannen er også dømt for å ha brukt hasj, amfetamin, og metamfetamin.

Tidlegare dømt

I sakshandsaminga var det skjerpande at mannen tidlegare er straffa for liknande forhold som han no er dømt for, i tillegg til at det var skjerpande at det i saka var snakk om kjøp og sal av relativt store mengder narkotika.

At mannen tilstod forholda både i politiavhøyr og i retten var formildande i sakshandsaminga. Det at mannen seier han har slutta med narkotika, og er i rehabilitering var også formildande.

Mannen har avlagt negative rusprøvar hjå fastlegen sin dei siste to månadane

Konfiskerte pengar

I dommen heiter det at i saker som har med 100 gram amfetamin å gjere, så skal ein normalt straffast med eitt år. Då den tiltalte tilstod, og er i ein rehabiliteringssituasjon, vart straffa i staden samfunnsstraff. Denne straffa såg ikkje retten som eit hinder for rehabiliteringa.

Dei 360 timane samfunnsstraff skal gjennomførast på eitt år, og dersom mannen sonar fengsel i staden for samfunnsstraffa skal tre dagar trekkast frå soninga for tida mannen har vore i varetekt.

I tillegg til samfunnsstraffa blir 13 450 kroner konfiskert, då dette skal vera utbytte frå narkotikasal.