Hopp til innhold

– Vi vil ha respekt og meir pengar

200 utanlandske tilsette hos Kleven er blant dei første i landet som har kravd og fått norsk tariffavtale. – Det er spesielt, meiner fagforeiningsveteran.

Viorel Ilescu klubbleder Kleven

Viorel Ilescu (framst) er klubbleiar for dei tilsette ved Kleven Maritime Contracting. Han håper at organiseringa vil gi arbeidarane ei sikrare framtid.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Viorel Ilescu Kleven verft

Klubbleiar Viorel Ilescu vil at organiseringa skal føre til meir respekt for dei utanlandske arbeidarane.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Mange utlendingar er skeptiske til å organisere seg, men i løpet av kort tid har 200 av dei 300 tilsette hos Kleven Maritime Contracting meldt seg inn i Fellesforbundet.

Redde for organisering

Klubbleiar Viorel Ilescu har allereie lært seg fagforeiningsspråket og seier at dei vil ha respekt og pengar. Det spesielle er at alle tilsette er utlendingar. Mange av dei har tradisjonelt vore redde for at organisering skulle føre til at dei misser arbeidet, og Illescu seier at han prøver å overtyde flest mogleg om at fagorganisering kan gje dei eit betre liv.

– Vi har organisert oss for å få meir pengar og for at arbeidarane skal få det betre, seier Ilescu som ønskjer seg ei sikrare framtid.

Han trur ikkje at alle dei utanlandske tilsette vil organisere seg.

– Enkelte jobbar her berre i nokre få månader, og vil difor ikkje vere med. Andre er redde for at dei skal få sparken. Men vi håper at fleire vil vere med, seier klubbleiaren.

Håper på dominoeffekt

Viorel Ilescu og Olav Høydalsvik Kleven Verft

Viorel Ilescu og Olav Høydalsvik har stor tru på at dei utanlandske arbeidarane bør organisere seg.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Administerarande direktør i Kleven, Ståle Rasmussen, seier at konsernet ønsker tariffavtalen velkomen.

– Det er fri organisering i Noreg, og vi trur på samarbeidsmodellen mellom tilsette og arbeidsgjevarar. Orden og system i arbeidslivet er viktig, kommenterar han.

Hovudtillitsvald Olav Høydalsvik trur den massive organiseringa blant utanlandske tilsette på Kleven kan bety mykje for mange.

– Det er viktig at dei får det til på ein god måte slik at det kan påverke andre firma med utanlandske tilsette. Det beste som kan skje er at vi også får eit organisert arbeidsliv blant dei utanlandske tilsette, seier han.

Fagforeiningsveteranen seier at det er svært få bedrifter i Noreg med berre utanlandske tilsette som har organisert seg.

Applaurderer dei organiserte

Fredrik Holen Bjørdal

Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) seier fagorganiserte av utanlandske arbeidarar i Noreg er viktig både for å hindre sosial dumping og for å styrke norsk konkurranseevne.

Foto: Terje Reite / NRK

Fredric H Bjørdal (Ap) sit i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget. Han er svært nøgd med at så mange utenlandske tilsette ved Kleven har organisert seg, og gjev ros til både Fellesforbundet og leiinga ved Kleven.

– Med det store innslaget av arbeidsinnvandrarar vi ser i bransjar som industri, bygg og anlegg, har eg vore uroa for at organisasjonsgraden skal gå ned. Dei har ikkje same kulturen for å vere med i fagforeiningar. Her har Fellesforbundet gjort ein viktig jobb. No kan arbeidarane krevje tariffavtale og betre løns- og arbeidsvilkår, og eg vonar fleire med dei ser verdien av å vere fagorganisert, seier Bjørdal.

Sjølv om lågare lønningar for å spare personalkostnader kan verke freistande, kan det svekke konkurransefortrinn på sikt, meiner stortingsrepresentanten.

– Sjølvstendige, myndiggjorte arbeidarar og eit forhold til sjefen som er prega av gjensidig tillit. Dette er eit adelsmerke ved den norske arbeidslivsmodellen, som gjer at vi er heilt i front på nyskaping, omstillingsevne og innovasjon. I framtida trur eg det vil vere endå viktigare enn å konkurrere på pris, noko vi uansett aldri vil greie, kommenterer han.

Viorel Ilescu og Dorin Munteanu ved Kleven Verft

Ved Kleven Maritime Contracting har 200 av 300 tilsette organisert seg i Fellesforbundet. Her er klubbleiaren saman med Dorin Munteanu.

Foto: Synnøve Hole / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL