I dag var Støre på si første reise som arbeidarpartileiar då han besøkte Kleven verft i Ulstein. Allereie i landsmøtetalen sin varsla han at han ville reise til Sunnmøre og til den maritime klynga.
– Skipsindustrien har vore flinke til innovasjon og utvikling. Det har skapt arbeidsplassar. Til og med automatisering av produksjonen har skjedd utan at talet på arbeidsplassar har blitt redusert, sa han.
Her er Jonas Gahr Støre på Kleven verft i Ulstein. Til høgre for han går adm. dir Ståle Rasmussen.
Foto: Synnøve Hole / NRKI Ulstein på Sunnmøre gjentok han bodskapen frå landsmøtet:
– På laurdag, då eg blei vald til leiar i arbeidarpartiet, snakka eg om norsk industri som er i verdsklasse. Deler av industrien som tidlegare er flagga ut kjem no heim. Her på Kleven er det éin versjon av denne historia. Det er eit døme på at vi har verdsleiande industri i Noreg, seier Jonas Gahr Støre til NRK.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
– Er her for å lytte
Den nyslåtte arbeidarpartileiaren fekk omvising og orientering av både leiinga og tilsette ved bedrifta. Hovudmålet, både for politikaren og bedrifta, var å belyse dei rammevilkåra skipsindustrien arbeider under, både her i landet og internasjonalt.
– Eg har også fått høyre at dette er ei bedrift som konkurrerer med Asia på avanserte produkt. Dette er som eit vindauge som ikkje er ope for alltid. Difor må vi politikarane lytte til erfaringane som desse bedriftene har. Dette er arbeidsplassar vi ønskjer å ha. Det er teknologi vi ønskjer og det er industrikultur vi ønskjer, sa Støre.
- Les også:
- Les også:
Jonas Gahr Støre lovar å ha eit fast fokus på rammevilkåra for verftsnæringa i Noreg.
Foto: Synnøve Hole / NRK– Treng fagarbeidarar
Under besøket på Kleven var Støre oppteken av at Noreg ikkje må misse fagarbeidarane og den kompetansen dei står for. I dag er verftsindustrien heilt avhengig av utanlandsk arbeidskraft.
– Vi kan ikkje berre leve av å importere denne arbeidskrafta. Vi treng unge nordmenn som vel å bli fagarbeidarar. Dette er gode jobbar, det er sikre jobbar og det er godt betalte jobbar, seier Støre.
- Les også:
Jonas Gahr Støre sa at han kom til verftsindustrien for å lytte.
Foto: Synnøve Hole / NRKTraineen orienterte leiaren
På verftet blei Jonas Gahr Støre vist rundt av blant andre trainee Renate Holstad. Og det heile kom overraskande på henne.
– Eg var ikkje heilt førebudd på at eg skulle bli ståande og snakke med han. Men det gjekk greitt, seier Renate Holstad vil NRK.
– Var han hyggjeleg?
– Ja, han var ein veldig hyggjeleg kar, seier Holstad.
- Les også:
- Les også:
– Den unge fagarbeidaren imponerte meg
Og etter møtet med trainee Renate Holstad sa Jonas Gahr Støre at dette møtet var noko av det som gjorde sterkast inntrykk.
– Denne unge jenta har teke ei fagutdanning for å vere kompetent til å utføre eit av dei mest avanserte industriprosessane i verda. Her driv dei med moderne sveiseteknologi, og eg høyrer at arbeidsprosessane blir utvikla etter kvart som dei tek teknologien i bruk.
Gahr Støre har også lagt merke til at det i denne samanhengen ikkje er nokon motsetnad mellom automatisering og nedbemanning. Tvert imot har den teknologiske utviklinga vore med på å skape nye arbeidsplassar.
– Her skjer det både ei automatisering og det blir utvikla nye arbeidsplassar. Det er eg svært begeistra for, sa leiar i Arbeidarpartiet Jonas Gahr Støre.
Olav Høydalsvik er klubbleiar ved Kleven verft i Ulstein.
Foto: Synnøve Hole / NRK- Les også:
– Flott med lærlingefokus
Under besøket på Kleven lovte arbeidarpartileiaren at han skal arbeide for at den moderne, maritime industrien skal få rammevilkår som set dei i stand til å konkurrere med utlandet. Han såg svært positivt på automatiseringa av produksjonen og at det skal satsast på lærlingeordninga.
– Eg er glad for at han har eit fokus på at vi må få tilbake den norske fagarbeidaren. Eg føler at det ligg vilje hos Arbeidarpartiet til å gjennomføre dette, seier klubbleiar Olav Høydalsvik til NRK. Han understrekar behovet for både lærlingane og dei såkalla TAF-elevane, som er både ei teknisk- og allmennfagleg studieretning. Vi treng at nokon vert ingeniørar også, legg han til.
– Han fekk møte ein av lærlingane her. Var det viktig?
– Ja. Han viser interesse. Og det er viktig også frå lærlingane sin ståstad. Det er viktig at styresmaktene viser interesse, seier klubbleiar Olav Høydalsvik.