Hopp til innhold

Rekordomsetning for Kleven

Skipsbyggjarkonsernet Kleven i Ulstein hadde eit kanonår i 2013.

Ståle Rasmussen

Konsernsjef Ståle Rasmussen kan glise breitt etter eit knallår for Kleven i Ulstein.

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK

Driftsoverskotet var på 172 millionar kroner og konsernet hadde ei rekordomsetning på 4,2 milliardar kroner.

Travle dagar

Nybygg på Kleven Maritime

Kleven bygg skip for harde livet. 12 fartøy står i ordreboka.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Konsernsjef Ståle Rasmussen seier dei har lukkast med strategien sin i ein bransje med hard internasjonal konkurranse.

– Vi har hatt det veldig travelt. Vi har hatt eit rekordhøgt omsetningstal, vi har levert mange fartøy og har skrive mange nye kontraktar. Det er vi stolte av og veldig takknemlege for, seier Rasmussen til NRK.

Det gode resultatet fører også til at dei tilsette får utbetalt ein bonus, skriv selskapet i ei pressemelding.

Fleire tilsette

Kleven leverte seks nybygg i fjor, og auka talet på tilsette frå til 770 mot 518 ved utgangen av 2012. Også framtida ser lys ut, med 12 fartøy i ordreboka til ein samla kontraktsverdi på 7,5 milliardar kroner. Like fullt må ein stadig vere frampå i den maritime bransjen, seier Rasmussen.

– For Kleven sin del har vi investert tungt i automatisering og robotisering og trur det vil gje utslag etter kvart, avsluttar han.