Hopp til innhold

Kritiserer slagbehandlinga i Ålesund

Sjansen for å overleve den første månaden etter å ha blitt innlagt med hjerneslag er dårlegare ved Ålesund sjukehus enn ved andre sjukehus, viser ein ny sjukehusrapport.

Opptrening

Slagpasientar som vert innlagde ved Ålesund sjukehus har mindre sjanse til å overleve den første månaden etter innlegging ved Ålesund sjukehus enn ved andre sjukehus i landet, ifølgje ei undersøkjing gjennomført av Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten i 2012 (Illustrasjonsfoto)

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Om pasientene overlever eller døyr ved alvorlege tilstandar er mykje brukt
internasjonalt for å seie noko om kvaliteten på behandling ved sjukehusa.

Ei undersøkjing gjennomført av Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten i 2012 avdekkjer store skilnadar mellom norske sjukehus.

Ålesund dårlegast i landet

Lovisenberg Diakonale Sykehus i Oslo har høgast risikojustert 30-dagers overleving etter hjerneslag med 89,2 prosent. Dette er signifikant betre enn gjennomsnittet.

Andre sjukehus med høg andel overlevande er Diakonhjemmet Sjukehus i Oslo, Levanger Sjuehus og Haugesund Sjukehus. Overleving ved hjerneslag varierer ned til 83,9 prosent.

Ålesund kjem dårlegast ut av alle dei undersøkte sjukehusa, når det gjeld talet på pasientar som overlever dei første 30 dagane etter å ha blitt innlagde på grunn av hjerneslag.

Men overlege for slag og geriatri ved Ålesund sjukehus, Yngve Seljeseth, kjenner seg ikkje att i resultata.

– Dersom desse tala er riktige, så er det slett ikkje bra. Men det er påfallande at slagbehandlinga ved Ålesund sjukehus har lege på eller over landsgjennomsnittet tidlegare år og så vert vi dårlegaste sjukehus i 2012.

Han peikar på at Ålesund sjukehus har gjort eit omfattande arbeid med å sikre kvaliteten av behandlinga av slagpasientar i denne perioden.

Sjekk ditt sjukehus her.

– Undersøkjinga er mangelfull

Yngve Müller Seljeseth

Overlege for geriatri og slag ved sjukehuset i Ålesund, Yngve Seljeseth, stiller spørsmålsteikn ved sjukheusundersøkjinga.

Foto: Privat
Mottakinga ved Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus behandlar om lag 200 slagpasientar i året.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Seljeseth hevdar at mange i fagmiljøet stiller spørsmål ved Nasjonalt kompetansesenter for helsetjenesten sine kvalitative metodar.

– Bortsett frå alder og kjønn seier ikkje undersøkjinga noko meir om pasientane som har døydd, verken kor alvorleg hjerneslaga er eller kor sjuke dei som vert innlagde er.

Seljseth seier også at praksisen med innlegging av slagpasientar varierer mellom dei ulike helseregionane.

– Vi behandlar under 200 slagpasientar ved Ålesund sjukehus kvart år og skilnadar på kva type innleggingar det er snakk om vil påverke tal lettare.

Han peikar på at det blant anna kan variere kor raskt ein pasient som bur på sjukeheim vert innlagd på sjukehus når det er mistanke om at han eller ho er ramma av hjerneslag.

– Ulik praksis her vil absolutt påverke dødelegheitstala.

– Vi tek pasienttryggleik på alvor

I Ålesund har innlagde slagpasientar 83,9 prosent sjanse for å overleve den første månaden etter innlegging.

Sjølv om Seljeseth tvilar på resultatet, seier han at han tek det på alvor og vil på nytt undersøkje dei tilfella der pasientane døydde for å sjå om det er gjort feil i behandlinga.

– Vi tek alltid pasienttryggleik og kvalitet i fagbehandlinga alvorleg. Det vil vi halde fram med uavhengig av denne rapporten.

Så slagpasientar kan føle seg trygge når dei vert innlagde ved Ålesund sjukehus?

– Ja, eg vil påstå at dei er det.

– Vi trekkjer ein sikker konklusjon

Jon Helgeland

Seksjonsleiar Jon Helgeland ved Norsk kunnskapssenter for helsetjenesten

Foto: Norsk kunnskapssenter for helsetjenesten

Leiar for seksjon for kvalitetsmåling i Norsk kunnskapssenter for helsetjenesten, Jon Helgeland, meiner likevel at dei i rapporten kunne trekkje ein sikker konklusjon.

– I Kunnskapssenteret sine undersøkjingar for 2010 og 2011 låg Ålesund under landsgjennomsnittet i overleving etter hjerneslag. I 2012 har skilnaden auka noko, slik at vi denne gongen kan trekke ein sikker konklusjon.

Helgeland peikar på at dei bruker metoder som er internasjonalt kjende og mykje brukte.

– Vi meiner metodane er godt eigna til sitt formål, som er å peike på sjukehus der det kan vere kvalitetsproblem.

Han vedgår likevel at det er feilkjelder ved metoden, som dei sjølve peikar på i rapporten, som gjer at resultatet må verte tolka med varsemd.

– No tilbyr vi å hjelpe sjukehusa med å trenge djupare ned i datamaterialet og gjennomgå behandlingsrutinene, seier Helgeland.

Store skilnadar for hjarteinfarkt

Like over Ålesund sjukehus på lista over talet på slagpasientar som har døydd i månaden etter innlegging, ligg Volda sjukehus.

Her har slagpasientane 84,5 prosent sjanse for å overleve.

Dei største skilnadane mellom norske sjukehus, finn ein derimot når det gjeld overleving etter hjarteinfarkt.

Talet på pasientar som overlever dei første 30 dagane etter å ha vorte innlagde med hjarteinfarkt varierer frå vel 91 prosent ved sjukehuset i Tromsø til knappe 81 prosent ved sjukehuset i Harstad.

Her kjem Kristiansund dårleg ut, med 83,5 prosent, og ligg dermed på tredje siste plass av alle dei 42 undersøkte sjukehusa.