Hopp til innhold

Bygdefolket seier nei til storkommunar

Innbyggjarane er klar i sin tale når dei har blitt spurt om kommunesamanslåing. Dei vil anten vere åleine eller slå seg saman med naboen. Storkommune er det få som vil ha i Møre og Romsdal.

Romsdalskommune

Ordførarane frå fleire romsdalskommunar skreiv under intensjonsavtale, men folk som har sagt sitt gjennom folkerøystingar ynskjer ikkje storkommune.

Foto: Trond Vestre / NRK

Storkommunen i Romsdal som er planlagt skulle bestå av Molde, Aukra, Eide, Fræna, Gjemnes, Midsund, Nesset og Rauma. Når innbyggjarane i kommunane har fått sagt sitt måndag kveld, er dette alternativet lite freistande.

I Aukra vil nesten 60 prosent at kommunen skal vere åleine. Berre 15,6 prosent røysta for storkommunealternativet.

– Dette er eit ganske tydeleg signal til politikarane. Aukra åleine har styrka seg. Som ein klar nummer to er det å slå seg saman med Midsund, seier ordførar Bernhard Riksfjord (Ap).

LES OGSÅ:

Ikkje liv laga
Bernhard Riksfjord

Bernhard Riksfjord meiner det ikkje er liv laga for storkommunen i Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Når han ser kva innbyggjarane i dei andre kommunane har stemt, meiner han at folket har sagt frå at dei anten vil vere åleine eller slå seg saman med ein nabokommune.

– Då blir ikkje storkommunen slik kongstanken var. Etter mitt syn er ikkje det liv laga for dei som såg for seg åtte, ni kommunar i Romsdalregionen, seier Riksfjord. Han trur at dei fleste politikarane vel å fylgje fleirtalet.

Heller ikkje i dei andre kommunane kom alternativet om storkommune høgt på lista. I Eide stemte 10 prosent for alternativet, i Fræna 19 prosent, i Midsund 23 prosent. Berre Nesset er positive til storkommunen. Der svarte 41 prosent at dei ynskjer å bli del av ein storkommune, medan 49 prosent ynskjer å slå seg saman med naboen Sunndal. Likevel trur ordførar Rolf Hurlen at storkommunealternativet er lagt dødt.

– Sjølv om det var mange som stemte for hos oss, er det tydeleg at det ikkje er mange som vil vere med. Vi får ta ein pust i bakken og sjå kvar vi går heretter, seier han.

Kom svakt ut

Torgeir Dahl

Torgeir Dahl (H) har ikkje gitt opp tanken om at Molde skal slå seg saman med nabokommunar.

Foto: Roar Strøm / NRK

Molde har ikkje hatt folkerøysting, men derimot ei innbyggjarundersøking. Heile 71 prosent av innbyggjarane ynskjer å bli senter i ein ny storkommune. Ordførar i Molde, Torgeir Dahl (H), er samd i at storkommunealternativet kom svakt ut hos nabokommunane.

– Den einskilde kommunen må no vurdere korleis dei skal tolke resultata. Det er veldig låg valoppslutnad i ein del kommunar og det kan vere vanskeleg å tolke kva som er folkeviljen, seier Dahl. Han har ikkje avskrive at Molde kan bli slått saman med nokre kommunar, som ser at det er betre å slå seg saman enn å stå åleine.

Liten oppslutnad rundt byane

Kjell Neergaard

Kjell Neergaard, ordførar i Kristiansund, meiner det blir vanskeleg å få med nabokommunane.

Foto: Trond Vestre / NRK

Også på Nordmøre er tendensen den same. Folket ynskjer ikkje storkommune. I Aure seier heile 76 prosent at dei vil vere ein eigen kommune. I Averøy er tonen den same, dei vil stå på eigne bein. Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard (Ap), er ikkje overraska.

– Slik er det over heile landet. Det er liten oppslutnad for alternativa rundt byane, seier Neergaard. Han ser det som svært vanskeleg å få med nabokommunane i ein felles kommune, med Kristiansund i sentrum.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL