Hopp til innhold

Sjå resultata frå folkerøystingane her:

Her er alle resultata etter at folk i 14 kommunar i Møre og Romsdal måndag røysta over korleis kommunen deira skal sjå ut i framtida. Molde, Kristiansund og Gjemnes arrangerte innbyggarundersøkingar.

Folkerøysting i Averøy

Eva Sevaldsen og Kristin Eliassen i Averøy kommune.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Det er 13 kommunar på Nordmøre og i Romsdal som hadde folkerøysting måndag. I tillegg har Vanylven hatt folkerøysting. Nokre kommunar presenterte resultat av innbyggjarundersøkingar. Kommunane på Sunnmøre som skal stemme, gjer det 19. mai.

Klikk på lenkja for å kome direkte til din kommune:

Aukra Aure Averøy Eide Fræna Gjemnes Halsa Kristiansund Midsund Molde Nesset Rauma Sunndal Surnadal Tingvoll Vanylven Vestnes

Aukra

Laster innhold, vennligst vent..

I Aukra har 59,5 prosent svart at dei ynskjer å vere eiga kommune. Alternativet med å slå saman Aukra og Midsund fekk 24, 1 prosent. Storkommunealternativet i Romsdal fekk 15,6 prosent av røystene. 0,8 stemte blankt.

– Folk slår ikkje stiften for storkommunen Romsdal. Eg ser det som vanskeleg å gå vidare med det alternativet, når innbyggjarane gir så klare råd, seier ordførar Bernard Riksfjord. (Ap)

Aure

Laster innhold, vennligst vent..

I Aure er det ingen tvil om at folket ynskjer at kommunen skal bestå som eiga kommune. Av dei som svarte at dei går inn for samanslåing, svarte 66,7 prosent at dei vil nordover, medan 24,6 vil sørover.

– Eg er letta. Det er godt å få ei så klar tilbakemelding, seier ordførar Ingunn Golmen (Sp)

Averøy

Laster innhold, vennligst vent..

61,5 prosent ynskjer å behalde Averøy som eiga kommune. Ordførar Ingrid Rangønes er glad for det tydelege signalet. Ho er også nøgd med god valdeltaking. Storkommunealternativet fekk 28 prosent.

– Det stemmer godt med signala eg har fått på førehand, seier Rangønes. Når ho ser på resultata i den andre kommunane på Nordmøre, ser ho ikkje moglegheita for storkommunen no.

Eide

Laster innhold, vennligst vent..

Dei to alternativa som har fått flest røyster er Eide som eiga kommune og Eide saman med Fræna og Averøy.

– Det var overraskande at så mange ynskjer at Eide skal stå åleine, seier ordførar Egil Strand. (H). Han er skuffa over at valdeltakinga berre var på 45,8 prosent.

Fræna

Laster innhold, vennligst vent..

Folket i Fræna vil ikkje delta i ein storkommune med Molde. Fræna har vore sett på som ein nøkkelkommune i forhold til å få til ein storkommune i Romsdal. Eit fleirtal i Fræna vil gjerne samarbeide med naboane i Eide. Ordførar i Fræna, Tove Henøen seier dette er eit tydeleg signal frå innbyggarane om at dei ikkje ynskjer å vere ein del av ein storkommune i Romsdal.

Gjemnes

Innbyggerne i Gjemnes er bedt om å vurdere hvert alternativ fra 1 til 5, hvor 5 er best, og 3 er «midt på treet» Da scorer egen kommune 3,0 – storkommune Romsdal 2,9 og storkommune Nordmøre 2,8.

Gjemnes har ikke noe spørsmål i innbyggerundersøkelsen sin der innbyggerne velger ett av de tre alternativene. I samme undersøkelse blir de også spurt hvilket byalternativ de ville velge dersom det blir sammenslåing uansett. Da er tallet 50 % for Molde og 46 % for Kristiansund

Halsa

Laster innhold, vennligst vent..

Folket i Halsa vil slå seg saman med kommunar nord for seg. – Det er for tidleg å seie om vi er på veg ut av Møre og Romsdal. Regiontilhørighet skal avgjerast seinare. Men realiteten er at det er eit fylkeskryssande alternativ. Det er ikkje klart kva fylke ein slik kommune vert høyrande heime i. Det seier ordførar i Halsa, Ola Rognskog. Forslaget som betyr samanslåing med Aure, Hemne og Snillfjord fekk fleirtal

Kristiansund

Laster innhold, vennligst vent..

Kristiansund presenterte resultat av innbyggjarundersøking. Resultatet viser stor vilje til kommunesamanslåing.

Midsund

Laster innhold, vennligst vent..

– Dette er litt som å fri, og få nei. Det seier ordførar i Misund Odd Helge Gangstad, etter at innbyggarnae sa eit klart ja til giftemål med Aukra. Men Aukra vil ikkje ha dei.

Molde

Laster innhold, vennligst vent..

Molde kommune presenterte resultatet av innbyggjarundersøking. Resultatet viste stor vilje til samanslåing.

Nesset

Laster innhold, vennligst vent..

I Nesset ynskjer 49,1 prosent av innbyggjarane å slå seg saman med nabokommunen Sunndal, men Sunndal på si side har sagt nei til dette alternativet. 41 prosent stemde for storkommune i Romsdal og 8,9 prosent ynskjer at Nesset blir verande åleine.

Rauma

Laster innhold, vennligst vent..

Også i Rauma er det eit klart fleirtal for å halde fram som eigen kommune.

Sunndal

Laster innhold, vennligst vent..

I Sunndal seier 77,4 prosent at dei ynskjer å vere ei eiga kommune. 22,6 prosent vil slå seg saman med Nesset.

Surnadal

Laster innhold, vennligst vent..

Dette er eit klart råd frå innbyggarane våre om kva vi skal gjere. Det seier Lilly Gunn Nyheim som er ordførar i Surnadal.

Tingvoll

Laster innhold, vennligst vent..

Tingvoll med sine 3090 innbyggjarar ynskjer å halde fram som eiga kommune. Over 70 prosent av innbyggjarane seier nei til storkommune med Kristiansund som senter. Dra musepeikaren over grafen for å sjå det nøyaktige resultatet.

Vanylven

Laster innhold, vennligst vent..

I Vanylven svarte 61 prosent av dei som røysta, ja til kommunesamanslåing. 37 prosent svarte nei. Eit stort fleirtal av innbyggjarane ynskjer at Vanylven skal bli ein del av Sande, Herøy, Ulstein og Hareid. 72,5 prosent ynskjer dette alternativet. 13 prosent vil slå seg saman med Selje og Vågsøy.

– Som politikar er det veldig greitt å få eit så klart tydeleg råd frå folket. Det er eg svært nøgd med, seier ordførar Lena Landsverk Sande. Det var 63 prosent valdeltaking i Vanylven.

Vestnes

Laster innhold, vennligst vent..

Det einaste som overraskar i folkerøystinga i Vestnes, er det høge talet med blanke stemmer. Nær ein tredel av innbyggarane stemte blankt. Noko som kan tyde på at dei sakna alternativ. Innbyggarane i Vestnes fekk to alternativ å røyste på. Eit stort fleirtal valde å gå for at dei framleis skal vere eigen kommune. Berre 11 prosent vil slå seg samans med naboane i Rauma.