Hopp til innhold

Åtvarer mot bruk av pirattaxi

Ei kvinne vart slått medvitslaus av ein pirattaxisjåfør natt til laurdag. No åtvarer politiet mot bruk av ulovlege drosjer.

Trygve Ødegård, operasjonsleiar, Sunnmøre politidistrikt

Operasjonsleiar Trygve Ødegård åtvarer mot bruk av pirattaxi.

Foto: Remi Sagen / NRK

Politiet på Sunnmøre fekk melding frå ein mann og ei kvinne som hadde nytta seg av pirattaxi på veg heim frå byen natt til laurdag.

Då dei kom fram til staden dei skulle, vart kvinna slått og sparka, også etter at ho fall på bakken, opplyser politiet. Ho skal ha vore medvitslaus ein periode.

Hevingar, ikkje brot

– Ho er ikkje hardt skadd, opplyser operasjonsleiar Trygve Ødegård i Sunnmøre politidistrikt laurdag ettermiddag. Undersøkingar gjort hjå lege etter episoden viser at ho fekk hevingar, men ingen brot, etter valden.

Politiet har ikkje oversikt over kor mange som opererer med pirattaxi i Ålesund, men han seier at dei gongene dei har nok bevis til å slå ned på det, gjer dei det.

– Det er ein uønska aktivitet, og me jobbar med å slå ned på det frå tid til anna, seier han.

Drosjenæringa i fylket har tidlegare åtvara mot stor aktivitet med piratdrosjer , spesielt i julebordssesongen. I Kristiansund skal det ha vore opp mot 20 piratdrosjer i sving på eit tidspunkt.

Ber publikum om tips

No ber han om tips frå alle som kan ha sett sjåføren av pirattaxien natt til laurdag. Mannen køyrde ein eldre svart Mercedes, og var truleg austeuropeisk.

– Det høyrer heldigvis til det uvanlege at me får melding om slike hendingar, men det kan sjølvsagt finnast mørketal, seier operasjonsleiaren.

Han synst likevel det er på sin plass å åtvare folk mot å nytte denne forma for transport.

– Du veit aldri kven du set deg inn i bilen til, seier han til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL