Hopp til innhold

Aspøy skole håper borna får ro

– Saka starta med ein liten førespurnad, før det har vakse og spreidd seg til noko heilt anna, seier Eli Anne Tvergrov på vegner av Aspøy skole.

17. mai Ålesund

Norske flagg og 17. mai har skapt ein enorm debatt i det ganske land. No håper barneskulen som ufrivillig starta debatten på ro, spesielt for borna sin del.

Foto: Madeleine Borge

Sidan saka først dukka opp førre onsdag har «flaggdebatten» rasa, både i kommentarfelt, på sosiale media og gjennom tallause presseoppslag.

Det har gått hardt inn på både borna, lærarar, rektor og Aspøy skole, fortel informasjonssjef i Ålesund kommune, Eli Anne Tvergrov.

Uskuldig spørsmål

Flagg frå Vietnam

Slike små papirflagg spurte Aspøy skole om løyve til å bruke. Her er Vietnam sitt flagg på eine sida, medan det norske flagget er teikna av ein ung elev på den andre sida.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det starta med at barneskulen Aspøy skole i Ålesund spurte 17. mai-komiteen om løyve til å bruke små papirflagg i barnetoget.

Flagga blei brukt under 90-årsfeiringa av skulen tidlegare i år, og hadde norsk flagg påteikna på eine sida og eleven sitt opphavsland på den andre sida.

Seinare spreidde saka seg opp og ut av Sunnmøre gjennom eit oppslag på nettstaden Fyret.nu torsdag 25. april.

Nettstaden brukte tittelen «Norske flagg ønskes fjernet fra 17. mai tog».

Fredag 26. april rykka Ålesund kommune ut på sine eigne sider for å presisere og tilbakevise opplysingar om flaggførespurnaden.

17. mai-komiteen måtte avgjere

17. mai-komiteen hadde eit håp om at kommunen ville avgjere i saka. Fredag sa derimot Høgre-ordførar Bjørn Tømmerdal at komiteen måtte svare Aspøy skole.

Roger Lindin

Roger Lindin i Ålesund sin 17. mai-komité meinte og meiner Ålesund kommune burde avgjere.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Eg synest personleg det var ein god idé å spørje om dette frå skulen si side. Eg veit sjølvsagt ikkje kva 17. mai-komiteen vil svare, men eg synest saka er veldig trist på vegner av borna som totalt blir uskuldig skadelidande oppe i dette, sa Tømmerdal fredag.

Måndag uttalte 17. mai-komiteen at dei i utgangspunktet ønskte norske flagg i toga på nasjonaldagen.

– Eigentleg er det ikkje vi som burde avgjort dette. Vi kasta ein ball til Ålesund kommune, og dei ville ikkje svare. Vi synest at det norske flagget bør nyttast på nasjonaldagen, men vi kjem ikkje til å jage ut ungar med andre flagg, sa Roger Lindin i 17. mai-komiteen til NRK måndag.

Utsegna frå komiteen gjorde at debatten blussa opp igjen, i til dels kraftige ordelag.

Saka held fram under videoen.

Elevane ved Aspøy skole i Ålesund får ikkje bere flagg frå sine opprinnelege land på 17. mai. 17. mai-komiteen meiner det skal vere norske flagg på nasjonaldagen. Skulen har elevar frå 20 nasjonar og ville vise det kulturelle mangfaldet i samband med at skulen feirer 90 år.

17. mai-komiteen uttalte måndag at dei helst ville sjå berre norske flagg i toga.

Politikarane reagerte

Bjørn Tømmerdal

Ordførar i Ålesund, Bjørn Tømmerdal (H), måtte til slutt ta flaggsaka inn i dei politiske rom.

Foto: Remi Sagen / NRK

Etter avgjerda frå 17. mai-komiteen reagerte fleire gruppeleiarar i Ålesund bystyre.

– Denne saka er så prinsipiell at ho burde vore tatt opp politisk. Det er den politiske leiinga i kommunen sitt ansvar. Eg er også usamd i avgjerda til komiteen, kommenterte Svein Vinje frå Tverrpolitisk.

Seinare blei det klart at Ålesund-ordførar Tømmerdal innkalla til politisk møte om flaggsaka førstkomande fredag.

– Dette skulle eg gjerne vore for utan. Det er trist. Ikkje minst for dei barna det gjeld, sa ordførar Tømmerdal.

– Aldri til hensikt å provosere

Gjennom heile debatten har dei krasse innspela florert på nettet. Men dei har òg kome direkte til barneskulen og rektor.

Eli Anne Tvergrov

Informasjonssjef i Ålesund kommune, uttalar seg på vegne av Aspøy skole.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– No ber vi om at Aspøy skole og borna får ro og at debatten blir flytta opp og forbi 90-årsmarkeringa til skulen, seier Eli Anne Tvergrov til NRK.

Rektor ved skulen vil ikkje uttale seg meir om saka, og Tvergrov pratar på vegner av skulen.

– Saka starta med ein liten førespurnad, før det har vakse og spreidd seg til noko heilt anna. Både via overskrifter og nettstadar.

– Skulen og rektor har aldri hatt til hensikt å fremje det som no blir debattert, ei heller provosere. Tvert om, fortel Tvergrov.

Ho fortel at barneskulen i Ålesund no brukar alle gode krefter på å få til ei verdig og fin 90-årsmarkering og ei flott 17. mai-feiring. Tvergrov presiserer at skulen håper borna og dei tilsette no blir skjerma i den vidare debatten.

Kommentarfelt i artikkelen er skrudd av då tidlegare artiklar om saka har produsert mellom anna personangrep, usanne påstandar og rasistiske ytringar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL