Hopp til innhold

– Ålesund er uthengt som rasistby

Flaggsaka i Ålesund er ei skam for byen, og Aspøy skole burde fått bruke dei sjølvlaga flagga sine i 17. mai-toget. Det meiner fleirtalet av gruppeleiarane i bystyret i Ålesund.

Elevane ved Aspøy skole i Ålesund får ikkje bere flagg frå sine opprinnelege land på 17. mai. 17. mai-komiteen meiner det skal vere norske flagg på nasjonaldagen. Skulen har elevar frå 20 nasjonar og ville vise det kulturelle mangfaldet i samband med at skulen feirer 90 år.

FEKK NEI: 17. mai-komiteen i Ålesund ser helst at barna på Aspøy skole i Ålesund ikkje bruker flagga dei har laga i årets tog. Denne videoen er frå 90-års-feiringa til skulen.

Kirsti Dale

TRIST: Gruppeleiar for Venstre i Bystyret i Ålesund, Kirsti Dale, trur ikkje nokon ville tatt skade av å sjå kvar barna på Aspøy skole kjem frå. Ho meiner likevel at det er 17. mai-komiteen som skal avgjere spørsmålet.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det er helt forferdeleg å få merkelappen som rasistby. Det stemmer ikkje. Dette er ei trist historie, seier Kirsti Dale frå Venstre.

Får ikkje bruke flagg

17. mai-komiteen sa i går at dei helst ser at barna ved Aspøy skole i Ålesund ikkje bruker dei sjølvlaga flagga sine i 17. mai-toget.

Les:

Skulen er 90 år i år, og har difor spurt om dei kan få bruke små sjølvlaga papirflagg i toget. Årsaka til at dei spurte om dette er at nokre av flagga har norsk flagg på eine sida, og flagget frå landet dei stammar frå til barnet på den andre.

Politikarane i byen overlet spørsmålet til 17. mai komiteen, og forsvarar dette med at komiteen ikkje er politisk oppnemnd, og at dei difor må få ta sine eigne avgjerder.

Les:

Flagg frå Vietnam

UØNSKA: Det er flagg som dette 17. mai-komiteen ikkje vil ha i toget i Ålesund. Det norske flagget er på andre sida. Dette bildet vart tatt under 90-års feiringa til Aspøy skole.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Krenkande og udemokratisk

Svein Vinje frå Tverrpolitisk liste er opprørt over saka.

– Denne saka er så prinsipiell at ho burde vore tatt opp politisk. Det er den politiske leiinga i kommunen sitt ansvar. Eg er også usamd i avgjerda til komiteen.

– Det både synd og skam at barna ikkje skal få bruke flagga dei har laga. Eg håper avgjerda blir endra, slik at desse barna kan føle seg vel i toget, seier Vinje til NRK.

Han meiner avgjerda er krenkande og djupt udemokratisk.

– Det er ein skam for Ålesund by. Eg håper dei kan tenke seg om og kome fram til eit anna svar, seier han.

Geir Stenseth

SKRYT: Geir Stenseth (Frp) skryt av arbeidet 17. mai-komiteen i Ålesund har gjort gjennom mange år. Men han meiner flaggsaka burde vore politisk behandla.

Foto: Remi Sagen / NRK
Bagatell

Geir Stenseth i Frp seier det ikkje skal vere tvil om at det er det norske flagget som skal vaie i vinden 17. mai.

– Men når det er snakk om det konkrete spørsmålet frå Aspøy skole, så er det klart at det er ein bagatell i denne debatten som har dukka opp i kjølvatnet.

Stenseth meiner som Vinje at saka burde vore oppe til politisk behandling.

– Når ei slik avgjerd blir vanskeleg for komiteen, burde politikarane ta den oppgåva. Vi er valde til å ta avgjerder. Også vanskelege. Men når komiteen no har tatt sitt standpunkt, så synest eg veldig lite om at politikarane kjem med sine synspunkt i etterkant, seier han.

Saka har skapt debatt over heile landet, og gruppeleiaren for Arbeidarpartiet, Svein-Rune Johannessen er overraska over oppstyret.

– Eg er veldig overraska over at så mange lar seg krenke av at barn skulle ha andre flagg i tillegg til det norske i 17. mai-toget.

Det einaste partiet i bystyret som stiller seg 100 prosent bak avgjerda til komiteen, er KrF.

– På 17. mai skal det vere først og fremst det norske flagget som vaiar i toget. Og eg synest det er ein dårleg idé å teikne det norske flagget bak eit anna og omvendt. På den måten viser ein ikkje respekt for nokon av flagga, seier gruppeleiar Tore Johan Øvstebø.

Vil møte komiteen

Bjørn Tømmerdal

VIL HJELPE: Ordførar Bjørn Tømmerdal seier han gjerne vil hjelpe 17. mai komiteen om dei vil ha eit møte.

Foto: Johannessen, Sara / NTB scanpix

Ifølgje bysekretær Tore Hals, som er saksbehandlar i saka, fekk dei brevet frå 17. mai-komiteen, og rådmannen og ordføraren blei samde om at rådmannen skulle svare.

Ordførar Bjørn Tømmerdal er på reise i Italia, men seier til NRK at han kan ta eit møte med komiteen om dei vil ha hjelp.

– Skjønte de ikkje dynamitten i denne saka?

– Slik som saka har utarta seg no, tilseier vel det at vi kanskje ikkje gjorde det.

– Burde de ikkje tatt saka til politisk behandling?

– Det er vanskeleg å vite. Eg har berre ein kommentar til: dersom 17. mai-komiteen ønskjer hjelp og vil ha eit møte med ordførar og rådmann kan dei få det.

Kva syns du om at nesten alle gruppeleiarane no seier Aspøy-elevane burde få bruke flagga sine?

– Eg har ingen kommentar til det.

NRK har vore i kontakt med Aspøy skole i dag. Rektor Line Haadem seier ho ikkje vil kommentere saka. Skulen kjenner seg misbrukte av vikarierande motiv frå alle kantar, og dei vil vere ferdige med saka.

Flaggsaka i Ålesund er ei skam for byen, og Aspøy skole burde fått brukt dei sjølvlaga flagga sine i 17. mai-toget. Det meiner alle gruppeleiarane i bystyret i Ålesund.

Sjå intervju med Roger Lindin i 17. mai-komiteen frå TV-sendinga til NRK Møre og Romsdal 29. april.

NRK følgjer no nøye med på debatten i tilknytning til denne artikkelen. Ei rekkje overtramp er blitt sletta. NRK ønskjer i det lengste ein sakleg og ærleg debatt om korleis nasjonaldagen skal feirast. Men vi ønskjer ein sakleg debatt, utan rasisme og sjikanerande personkarakteristika. Kommentarfeltet kan kome til å bli stengd.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL