Hopp til innhold

Kallar inn til møte om flaggsaka

Ålesundsordføraren kallar no 17. mai-komiteen inn til møte fredag, etter striden rundt utanlandske flagg i toget.

Bjørn Tømmerdal

DÅRLEG: Ordførar Bjørn Tømmerdal (H) i Ålesund likar svært dårleg alt oppstyret rundt flaggsaka i Ålesund.

Foto: Johannessen, Sara / NTB scanpix

– Dette skulle eg gjerne vore for utan. Det er trist. Ikkje minst for dei barna det gjeld, seier Tømmerdal til NRK.

Les også: – Ålesund er uthengt som rasistby

Sjølvlaga flagg

Roger Lindin i 17. mai-komiteen sa i går at dei helst ser at barna ved Aspøy skole berre brukar norske flagg i toget i Ålesund.

Dette har skapt debatt. Mange meiner politikarane burde tatt avgjerda, og no kallar altså ordføraren inn til møte.

– Det er ei sak som er veldig trist for skulen, og for barna. Dei hadde aldri ønske om at dette skulle bli ei stor mediesak, seier ordføraren.

Skulen er 90 år i år, og har difor spurt om dei kan få bruke små sjølvlaga papirflagg i toget. Årsaka til at dei spurte om dette er at nokre av flagga har norsk flagg på eine sida, og flagget frå landet dei stammar frå til barnet på den andre.

Elevane ved Aspøy skole i Ålesund får ikkje bere flagg frå sine opprinnelege land på 17. mai. 17. mai-komiteen meiner det skal vere norske flagg på nasjonaldagen. Skulen har elevar frå 20 nasjonar og ville vise det kulturelle mangfaldet i samband med at skulen feirer 90 år.

STRIDENS KJERNE: Det er desse flagga som har skapt debatt. Videoen er frå 90-årsfeiringa til Aspøy skole.

Ikkje formelt avgjort

Politikarane i byen overlet spørsmålet til 17. mai komiteen, og forsvarar dette med at komiteen ikkje er politisk oppnemnd, og at dei difor må få ta sine eigne avgjerder.

Roger Lindin i 17. mai-komiteen seier til NRK tysdag ettermiddag at dei formelt ikkje har behandla saka, og at han no ventar på eit utspel frå ordføraren.

Les også:

Bjørn Tømmerdal ser i ettertid at han som ordførar truleg burde tatt tak i saka før.

– Det viktigaste no er at vi får landa denne saka. Det har eg tenkt å få gjere på fredag, og eg inviterer derfor komiteen til eit møte.

– Kjem barna til å få bruke flagga?

– Det skal eg snakke med komiteen om på fredag, seier Tømmerdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL