Hopp til innhold

– Ein gjeng gladlaksar som lagar fin musikk

På same dag som dei slapp debutalbumet sitt spelte «Kystfolket» konsert direkte på nett hos NRK Møre og Romsdal. No kan du sjå opptaket her.

På same dag som dei slepp debutalbumet sitt spelte «Kystfolket» konsert direkte på nett hos NRK Møre og Romsdal.

Her kan du sjå opptaket av konserten med «Kystfolket».

«Kystfolket»

«Kystfolket» (f.v. øvst:) Britt Elise Skram, Jan Terje Sager, Kyrre Sætran og Freddy Bolsø.

Foto: O. I. Teige
Kystfolket

Vokalist Sager fortel at dei har mange oppdrag landet rundt denne sommaren. Til og med neste år har fleire etterspurt bandet.

Foto: Lena Høyberg / NRK

«Kystfolket» er kjend for å spele ei blanding av countrystilen bluegrass, pop og folkemusikk.

– Musikken vår er blanda i ei stor kristiansundsk bachalaogryte. Og den er skikkeleg god, seier gitarist og frontfigur Jan Terje Sager.

Vokalisten skildrar «Kystfolket» som ein gjeng gladlaksar som lagar fin musikk.

– Vi er sjølvsagt spente på korleis folk vil ta i mot plata. Vi gleder oss veldig til å dra ut på vegen å spille for folk. Det er nemleg der vi koser oss mest, seier frontfiguren.

Erfarne kystfolk

«Kystfolket» består av tre karar frå Kristiansund og ei dame frå Vestnes. Jan Terje Sager (gitar/vokal), Kyrre Sætran (bass), Freddy Bolsø (trommer) og Britt Elise Skram (fele) har spelt i lag i ulike samanhengar før, men siste halvanna året har fellesprosjektet vore «Kystfolket», og det med suksess. Alle fire er rutinerte musikarar med mange år i bransjen.

– Eg hadde lyst til å få i gang eit kystband frå Møre og Romsdal med tekstar på dialekt, fortel vokalist, seier Sager.

Håper at folk likar det dei høyrer

I desember 2012 blei dei til og spelte inn første singelen «Gammalsalta Sei». Plata som blei slept i dag heiter «Kystfolket» og inneheld 11 låtar. Britt Elise Skram håper at folk er like nøgd med plata som dei er.

– Eg håper at vi klarer å spreie musikken vår til endå fleire, og at vi endar opp med å få fleire spelejobbar, seier Skram.

Ho legg til at det var veldig kjekt å sleppe plata hos NRK.

– Det var kjekt å spele live og det såg ut som om publikum likte det dei høyrde.

Mykje spelt

Songane «Gammelsalta Sei», «Te Topps» og «Mørket Lyg» har du garantert høyrt på radio – i alle fall dersom du høyrer på NRK P1 Møre og Romsdal.

Der har dei vore flittig spelt. Akustisk folkrock blanda med roots, bluegrass, litt norsk folkemusikk og klingande nordmørsdialekt er suksessoppskrifta til det Kristiansund-baserte bandet.

Stor etterspurnad

I fjor sommar rakk «Kystfolket» å besøke ei rekkje festivalar også – og den komande sommaren er alt tettpakka av spelejobbar.

– Alle helgane i sommar er fullbooka, så skal det bli fleire framsyningar no, så må det bli på vekedagar, gliser Sager. – Vi har alt fått førespurnader om speling neste sommar til og med.

Debutalbum

50.000 kroner i støtte frå Fond for Utøvende Kunstnere har hjelpt «Kystfolket» med å spele inn debutplata si. Innspelinga er gjort i Tårnet studio i Kristiansund.

Les meir om «Kystfolket» på heimesida deira eller på Facebook.