NRK Meny
Normal

– Den ultimate terapien å spele konsert!

Elin Sofye Rabbevåg utdannar seg til musikkterapeut i Bergen. I dag spelte ho for oss i «Levande Lyd».

Elin Sofye Rabbevåg frå Ålesund utdannar seg til musikkterapeut i Bergen. Sjå konserten i «Levande Lyd» her!

Sjå heile konserten med Elin Sofye her!

Elin Sofye Rabbevåg frå Ålesund spelar aldri konsert heilt åleine slik som ho gjorde i «Levande Lyd» i dag. Vanlegvis har ho med seg fullt band med både trommer, gitar, synthar og korist i tillegg til elpianoet når ho opptrer.

– Ny erfaring

Elin Sofye Rabbevåg

– Å spele konsert er den ultimate terapien. Elin Sofye Rabbevåg var fornøgd etter konserten.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Sidan ho var utan band i dag spelte ho rolege, «akkustiske» songar, men til vanleg har repertoaret mykje meit trøkk når bandet er med.

– Dette var ei ny erfaring, men eg trur det gjekk bra, smiler ho etter at konserten er over. Eg har ei god kjensle og det var eit fint publikum.

Som student i Bergen har ho og bandet fleire stader å spele konsertar på, og dei opptrer flittig med sin elektroniske poprock med eit hint av soul. Komponist og tekstforfattar er ho sjølv.

– Det beste i livet er gratis

Elin Sofye Rabbevåg
Foto: Ivar Eidheim / NRK

I dagens konsert spelte ho nesten berre heilt nye songar som ikkjer er gitt ut på plate før. Den andre songen i konserten, «Slow it down», har ho aldri opptredd med før, så det må vel kunne kallast ei uroppføring.

«Slow it down» handlar om å sette pris på dei små tinga i livet og at det beste i llivet er gratis.

Terapi

– Det er på ein måte eit gjennomgåande tema i musikken min, smiler musikkterapeuten Elin Sofye Rabbevåg.

Det å spele musikk opplever ho som terapi for seg sjølv også.

– Å spele konsert er den ultimate terapien, smiler ho.

Elin Sofye Rabbevåg
Foto: Ivar Eidheim / NRK