Hopp til innhold

– Kan me ikkje ha sauene i utmarka kan me like godt slutte

– Det er tungt, seier sauebonde Per Hammer i Sunndal. Måndag fann han fleire drepne sauer på beite.

Ulveskadd lam

SKADD AV ULV: Fleire sauer og lam var skadde på beiteområdet i Sunndal måndag.

Foto: Inge Nordvik

– Eg var ute for å fôre sauer som me har på beite. Då for dei og sprang utanfor eit gjerde, fortel Per Hammer i Sunndal.

Avisa Driva omtalte opplevinga hans måndag morgon denne veka. Klokka var halv ni, og sauene kom springande mot han då han kom med kraftfôret.

– Når dei kom så eg såg dei tredje gongen var ulven hakk i hel. Han stoppa, og stod og kika på meg eit par minutt i alle fall, før han luska opp att i skogen.

Hammer meiner sjølv at ulven var så nær som 110 steg frå han før han snudde og gjekk tilbake til skogen. Sjølv ringte han sonen, som eig sauene, for å få hjelp til å leite opp sauene.

33 skadar så langt

Lars Olav Lund

33 SKADAR SÅ LANGT: Ulven har skadd dyr i to område i Sunndal og i Eikesdal i Nesset, seier Lars Olav Lund i Statens Naturoppsyn.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Me har registrert 33 skadar så langt, seier Lars Olav Lund i Statens Naturoppsyn. Han er regionalt rovdyransvarleg for Naturoppsynet i Møre og Romsdal, og har vore ute for å dokumentere skadane ulven har gjort siste tida.

Skadane er registrerte i to område i Sunndal, og i Eikesdal i Nesset. Det er også registrert andre rovdyr i området, men skadane siste tida gjeld ikkje dei.

– Me har konkludert med at dette er ulv, seier Lund.

Søye utan lam

– Me fann ei søye som var så skamfert at den ikkje kom seg på føtene. Den måtte me avlive, fortel han.

På Nordmøre er det allereie gaupe , og no har altså ein ulv dukka opp. Den kjem truleg frå Sør-Trøndelag , og har vist seg mellom anna i Rindal.

I leitinga etter ulveoffer måndag morgon fann Hammer fire drepne lam. I tillegg var det tre som var skadde, det eine gale nok til at dei måtte avlive.

– Eitt lam er også sakna, så søya går utan lam, fortel Hammer.

Truleg berre ein ulv

– Me veit at ulv kan gå veldig langt. Ulv som går frå sine oppvekstområde på grensa mot Sverige kan dukke opp kvar som helst i Noreg, seier Lund i Statens Naturoppsyn.

I 2012 vart det observert ulv i Romsdal. Den gongen var det ein ulv som hadde tilhald i Lesja som vandra over fylkesgrensa.

No gjer Naturoppsynet det dei kan for å hjelpe til med dokumentering av skadane som skjer. Trass i at det skjer fleire stader meiner Lund at det kan vere ein einsleg ulv som står bak.

– Når me ser på tid og stad her, kan dette godt vere berre ein ulv, seier Lund, men han vil ikkje slå det fast.

– Ikkje noko me kan gjere

– For oss som steller med dyra er dette som familiemedlem. Det er tungt, seier Hammer.

Sjølv har han aldri høyrt om ulv i dette området, men bjørn har vore nemnt. Jerven finst i fjellområda om sommaren, og gaupe finst andre stader i Sunndal.

– Eg har sett det for meg heile natta. Dei lidingane dei var påførte. Dette var ein stor hannulv, fortel han.

Frå garden der Hammer har sauene kan dei sleppe ut dyra direkte på beite kvar sommar. Då finn dei sjølve vegen til fjellområda mellom Grødal og Sunndal. Noko ekstra sikring av området framover ser han ikkje for seg at er mogleg.

– Det er ikkje noko å gjere. Me kan ikkje ha sauene på innmarka i sommar. Me må sleppe dei ut på beite. Det er eit vilkår for å kunne drive med sau, seier han.