Det var eit trist syn som møtte bonde Nikolai Finset i går kveld. Sauene er no obdusert for å finne dødsårsaka.
Foto: Charlotte FinsetDet var i 23.30-tida onsdag at sauebonde Nikolai Finset i Eikesdal i Romsdal oppdaga fem døde lam på ei attlege like ved huset. I dag fann han fem nye lam som var drepne og ein sau som var så hardt skadd at den måtte avlivast. Frykta for at endå fleire dyr er tekne av ulv er stor.
– Dette er ikkje noko kjekt. Eg har mist dyr før som er tekne av jerven, men aldri ulv, seier Nikolai Finset.
Ingen tvil
Ved midnatt observerte naboen hans ulv berre 30 meter frå husa.
Statens naturoppsyn har i dag vore på staden for å sjå på skadane, og det er ingen tvil om at det er ulven som har vore på ferde. Førre veke vart sju sauer drepne av ulv i Sunndal.
– Om det er same ulv, er vanskeleg å seie, fortel miljøvernleiar Hogne Frydenlund i Nesset kommune.
Ulvejakt
No vert det ulvejakt i Eikesdal. Direktoratet for naturforvaltning har gitt fellingsløyve og kommunen er i gong med å sette saman eit jaktlag. Det skriv rbnett.no.
For bonde Nikolai Finset betyr drapa av lamma at to sauer står utan lam og vil kunne få problem med jura.
– Eg vil vere aktiv for å hindre at fleire dyr vert drepne. Det vart halde vakt i natt, men området er så stort at vi klarte ikkje hindre ulven, seier Finset.