Hopp til innhold

Det er gjort åtte observasjonar av ulv ei mil frå Sunndal

Ei kvinne meldte i dag tidleg frå om at ho hadde sett ulv ved Gråura i Sunndal. Politiet fortel at det er gjort åtte observasjonar av ulv over fylkesgrensa i Sør-Trøndelag.

Gråura

Ei kvinne observerte ein ulv då ho kom køyrande ned Gråura i Sunndal. Det er gjort åtte andre observasjonar berre ei mil unna.

Foto: Mikal Sæteren

Det var i åtte-tida at kvinna kom køyrande nedover Gråura i Sunndal, då ho fekk auge på ein ulv. Dette var like ved ein gard der det går sauer. Ulven sprang over eit jorde og vidare opp i skogen.

– Vi har fått melding frå politiet i Sør-Trøndelag om at det er gjort åtte liknande observasjonar på Lønset i Oppdal. Det er berre ei mil frå der kvinna såg ulven, fortel Jan Erik Kjelle ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

I fylgje adressa.no skal fleire hyttegjestar ha prøvd å ta bilete av dyret, som skal ha gått forbi fleire hytter med berre 30 meters avstand i går kveld.

Tarald Torshov er viltansvarleg i Sunndal kommune og han har ikkje fått inn nokon meldingar om ulv, men meiner likevel at det er stor sjanse for at det faktisk er ein ulv som går rundt i Sunndal. Tidlegare år er det observert ulv både i Rindal, Oppdal og i fjella i Sunndal.

Eg kjem til å ringe til saueeigarar i området og be dei halde utkik, seier Torshov. Skulle ulven gjere skade på dyra, vil det bli søkt om fellingsløyve.