– Sauebøndene i Tingvoll har hatt store tap av sauer og lam siste åra. Berre i fjor kom det bort 180 sauer og lam i ytre delar av kommunen, viser statistikken.
– No ønskjer vi å finne ut kor mange gauper det faktisk er her i området, og kvar dei ferdast, seier viltforvaltar Lars Erling Koksvik.
Lars Erling Koksvik er viltforvaltar i Tingvoll, og leiar prosjektet som skal registrere gaupe i kommunen.
Foto: PrivatKamera skal primært plasserast i ytre delar av kommunen.
– Vi planlegg å setje opp fem kamera på rekke og rad oppetter lier i områda det er mest truleg at gaupa oppheld seg. I alt blir det fire slike kamerarekker ulike stadar, seier viltforvaltaren.
Fire på rad
Han seier det ser ut til å ha vore ein sterk auka i talet på gauper i kommunen siste åra, og no vil dei har kartlagt stoda.
– Det er sterke indikasjonar på at gaupe ynglar i Tingvoll. Mange har også sett gaupe, men få har klart å ta bilde. No får vi eit viktig hjelpemiddel til å finne ut fleire sider av livet til gaupa, seier Kokstad.
Tingvoll er i same kvoteområde for jakt som Aure, Surnadal, Halsa og Rindal. Men inga gaupe er enno skoten i Tingvoll.
Denne gaupa heldt til i Romsdal. Fleire i Tingvoll trur kommunane kan ha ei eiga gaupestamme.
Foto: Per Jarle heggdalsvik– Vi har lite tradisjon for gaupejakt hos oss, og når dei fire andre kommunane har meir erfaring med slikt, blir vi hengande etter. Ønsket er at vi på sikt kan blei eige kvoteområde, seier Koksvik.
Fleire trur Tingvoll har ei eiga gaupestamme.
– Vi ligg jo på ei halvøy med landegrense berre med Sunndal. Ønsket er at vi på sikt kan bli eit eige kvoteområde for gaupejakt, seier Koksvik.
Tal frå Rovdata vier at det sist vinter blei påvist 55,5 familiegrupper med gaupe her i landet. 18,5 av desse er registrerte i Møre og Romsdal og Trøndelags-fylka. Ei familiegruppe blir definert som mor med ein eller fleire ungar.
Eit sjeldan bilde av gaupe som prøver å ta eit lam. Dette er frå Fauske i Nordland.
Foto: Jostein HunstadSaknar 10 lam
Småbrukar Maud Grøtta og familien driv med sau på garden Hegerberget Nistu. Dei slepte 30 sauer og 52 lam på beite i inngjerda område ved garden.
– Men då vi tok dei heim frå beite 1. juli for å telje over, viste det seg at ni lam mangla. Også i mai miste vi eitt lam. Det er første gong vi misser lam, og vi har sterk mistanke om at gaupa har vore på ferde, seier Maud Grøtta.
Hovudmistanken går altså til gaupa, ikkje minst fordi det er vore observert gaupe like ved garden to gonger i sommar. Det inngjerda beitet er uoversiktleg med mykje tett skog, bratte lier og hamrar. Fine forhold for gaupe, meiner ho.
Mathea Grøtta Puntabyrgi same med ei av dei unge søyene. Hos gammalnorsk sau har nokre av søyene horn.
Foto: PrivatFamilien har leitt og leitt etter dei sakna lamma, men til inga nytte.
– Ikkje ein gong restar av dei har vi funne, seier Maud Grøtta.
Tek hjort
Rådyr er favoritt-menyen til gaupa. Koksvik seier det har vore stor nedgang i talet på rådyr siste åra i Tingvoll, og det kan også vere ein indikasjon på mykje gaupe i kommunen.
Gaupa ho tek også større dyr, enn sau og rådyr, og Tingvoll kommune er også uroa over at det blir funne svært mange hjortekalvar som er tekne av gaupe.
Gaupa har tatt mange hjortekalvar også i Tingvoll, har kommunen dokumentert.
Foto: Kjell Erik WaclawczykHjorteforskar Erling Meisingset ved Norsk Institutt for Bioøkonomi, NIBIO, på Tingvoll stadfester at hjortekalvar er eit lett offer for gaupe.
Eit prosjekt som NIBIO gjennomførte i Hallingdal, saman med Norsk institutt for naturforsking, dokumenterer at gaupa tek hjort.
– Både hjort og elg blei datamerka, og i løpet av vinteren tok gaupe i alt 17 hjortar. 16 var kalvar, medan den siste var ein stor hjortebukk, fortel Meisingset.
Erling Meisingset er hjorteforskar ved Norsk institutt for bioøkonomi, NIBI, på Tingvoll.
Foto: Gunnar Sandvik / NRKForskarane var overraska over at gaupa klarer å ta så store dyr. Men Meisingset seier at det nok skal heilt spesielle forhold med djupsnø til, for at gaupa skal klare å ta vaksne hjortar.
Vanlegvis brukar gaupa å halde seg i området der ho har teke eitt dyr, og vender tilbake for å ete det opp.
– Når gaupa har mykje hjort å ta av, slik som i Tingvoll, viser det seg at ho et berre godbitane på dyret, før ho drar vidare og tar neste dyr, seier Erling Meisingset.
Så snart sommarferien er over kjem Tingvoll kommune til å plassere 20 webkamera ute i terrenget. Prosjektet med overvaking av gaupe i Tingvoll skal vare i to-tre år framover.