Hopp til innhold

Viltkamera skal dokumentere gaupebestanden

I dag blir dei siste av 20 viltkamera sett ut i naturen i Tingvoll for å kartlegge gaupebestanden i området. Prosjektet skal vare fram til 2019.

Lars Erling Koksvik monterer viltkamera

Viltforvaltar Lars Erling Koksvik set ut tjue viltkamera i Tingvoll for å få dokumentert gaupebestanden i området.

Foto: Privat

Gaupe har tatt mykje hjortevilt og sau siste åra og er blitt nærgåande der folk bur.

Vilforvaltar Lars Erling Koksvik meiner viltkamera kan vere effektivt for å dokumentere behovet for å redusere bestanden.

– Viltkamera er ein konsekvens av at gaupebestanden har auka i Tingvoll dei to-tre siste åra. For tilbakemeldingar frå publikum, samtidig som vi finn mange hjortekadaver og har hatt store tap på sau, tyder på ein auke, fortel Koksvik.

No er han spent på kva som skjer i år, og om ein får avdekt kor mykje gaupe her er, og korleis ynglinga er.

– Ynglinga regulerer kor mykje ein får jakte på gaupa.

Vanskeleg å spore

Gaupe på viltkamera

Her er ei gaupe tatt på viltkamera.

Foto: Erling Meisingset

Desse dyra er sjeldan å møte i skogen, og det er vanskeleg å vite kor stor bestanden er.

– Vi har ikkje så stabile vintrar, så sporing er vanskeleg når det plutseleg er snøfritt. Men viltkamera kan vere den lettaste måten å dokumentere bestanden og om der er yngling og familiegrupper.

Viltforvaltaren vedgår altså at det er vanskeleg å seie sikkert kor mange gauper som er i området. Men han trur det er snakk om minimum sju-åtte gauper, og viss ei eller to ynglar, blir det ein betydeleg bestand på eit såpass lite areal.

Koksvik meiner difor det er ein ubalanse i naturen, og at det kan vere grunnlag for å redusere talet på gauper.

– Vi finn altså ein del hjortedyr. Og vi ser at det har gått ut over husdyr, med tap av sau, og noko av det er dokumentert er gjort av gaupe. Det er litt kjedeleg når den tar for seg av husdyra.