Hopp til innhold

– Her skal vi flytte inn til sommaren

Dagmar jamna huset dei var i ferd med å byggje med jorda. Det fæle synet tek ikkje knekken på dei. Dei er fast bestemte på å flytte inn til sommaren.

Video GJENOPPBYGGING ORKAN

Ekteparet Ann Elin Nygård Myhre og Freddy André Myhre går på restane av huset dei var i ferd med å setje opp.

Det ser utruleg ut i dag. Men ekteparet har ikkje gjeve opp draumen. Dei skal flytte inn i det nye huset sitt på Midøya til sommaren ein gong.

Ann Elin Nygård Myhre

Ann Elin Nygård Myhre.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Her skulle kjøkenet vere. Og under dei nedblesne veggane ligg inngangspartiet. Her borte i den andre enden skulle det vere vaskerom, fortel Ann Elin Nygård der ho går på dei nedblesne husveggane.

– Forrykande vind

Dagmar klarte å fullstendig ramponere huset. Veggane var komne godt på plass. Det var fullt mogleg å danne seg eit inntrykk av korleis huset skulle bli. Men ut på første juledag klarte orkanen Dagmar å rive ned alle veggane.

Freddy André Myhre

Freddy André Myhre

Foto: Roar Strøm / NRK

– Det var ein forferdeleg sterk vind. Eg kom hit, og då eg parkerte bilen kom det ei forrykande vindkule som heldt på å ta bilen. Eg fann ut at det var best å berre kome meg herifrå, fortel Freddy André Myhre.

– Mykje arbeid

No er det litt over ei veke sidan orkanen øydela huset. No er tida inne for å byrje på nytt.

– Det blir mykje arbeid når vi skal rydde opp i alt dette. Det blir arbeid i mange timar, seier Ann Elin Nygård.

– Vi må nok bruke motorsag og kran, seier Freddy André Myhre.

– Ikkje så veldig forseinka

Huset er bygd opp av element. Og det er godt forsikra i byggeperioden. Eit nytt hus skal snart vere på veg frå fabrikken i Hedmark.

– Det kjem nye element. Dei skal kome ganske kjapt. Vi skal kome fort i gang med ryddinga.

– Når skal de flytte inn då?

Vi skulle inn til sommaren. Det spørst no litt. Men dei har lovt oss at det skal bli fortgang i dette. Så eg vonar at det ikkje skal bli så veldig forsinka, seier Ann Elin Nygård.